Adei Ad (hebraisk skrift עדי עד, tyder For alltid) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Shvut Rachel og Qusra og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.

Adei Ad vart grunnlagd i 1998 av ei gruppe studentar ved Sdor Amir yeshiva i Shvut Rachel. I 1999 gav den israelske statsministeren Ehud Barak ordre om å fjerne utposten. I juni 2003 sette det israelske forsvaret (IFD) ut fallskjermjegerar for å blokkere Adei Ad medan han vart fjerna. Ein offiser nekta å delta i blokkaden og vart sett i fengsel.

Både i 2008 og 2009 var israelske soldatar igjen på staden for å rive ned bygg som var kome opp. Dette førte til hemneåtak mot soldatar frå innbyggjarane i utposten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adei Ad» frå , den 16. september 2015.

Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1998 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune