Petza'el (hebraisk skrift פְּצָאֵל) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen, 34,5 kilometer frå Den grøne linja og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han 216 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd nær Ma'ale Efraim i 1970 av Moshavrørsla. I 1975 vart han flytta til den noverande staden på ruinane etter den jødiske busetjinga Fasaelis frå tida kring Det andre tempelet, som igjen vart kalla opp etter Fasael, bror til Herodes den store.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Petza'el» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970