Real Zaragoza er ein spansk fotballklubb som høyrer heime i Zaragoza, i regionen Aragon. Klubben vart skipa 18. mars 1932. Klubbstadion La Romareda kan ta mot 34 596 tilskodarar.

Klubben har dei fleste sesongane delteke i La Liga, med har sidan 2013 spelt i andre divisjon. Real Zaragoza vann Cupvinnarcupen 1995 etter å ha slått Arsenal 2-1 i finalen på Parc des Princes i Paris, der midtbanespelaren Nayim avgjorde kampen i det 120. minutt med ei skåring frå over 50 meters hald. Klubben har vunne den spanske cupen, Copa del Rey, seks gongar. I La Liga er andreplassen i 1975 den aller beste plasseringa. Real Zaragoza spelte seg fram til finalen i Messebycupen i 1964 og 1966, og sigra i den fyrste og tapte den andre.

Laget stiller vanlegvis i kvite skjorter og strømper, buksene er kongeblå.

Merittar Cupvinnarcupen: 1995 (1) Messebycupen: 1964 (1) Copa del Rey: 1965, 1966, 1986, 1994, 2001, 2004 (6)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Real Zaragoza» frå , den 16. september 2015.

Kategori:Spanske fotballag Kategori:Zaragoza Kategori:Fotballag skipa i 1932