Sultandammen (hebraisk skrift בריכת הסולטאן, Birket es-Sultan) er eit vassreservoar frå oldtida på vestsida av Sionfjellet. Det vart truleg danna i tida kring Herodes og somme meiner det er Slangebassenget som er nemnt i Josefus. Det fekk vatn tilført via ein akvedukt. Dei osmanske sultanane (som det er kalla opp etter) forstørra det, slik at det målte 67 m × 169 m × 12 m. Det var ein del av vassforsyninga til Jerusalem frå antikken til seint i osmansk tid. Under krosstoga vart det kalla Lacus Germani.BIBLICAL RESEARCH. THE «LOWER POOL," JERUSALEM, The Independent, Volume 51, Issue 1, 1899
I dag er dammen tørrlagt om sommaren og vert nytta til konsertar og festivalar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sultan's Pool» frå , den 17. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vassreservoar i Jerusalem