Vest-Jerusalem syner til den delen av Jerusalem som vart verande under israelsk kontroll etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Våpenkvilelinja delte byen i to, og den austlege delen av byen kom då under jordansk kontroll.
Historie Deling i 1949 mini|venstre|Palmach-soldatar går til åtak på San Simon-klosteret i Katamon i Jerusalem, april 1948 (rekonstruksjon). Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina gjorde Jerusalem og området rundt til ein internasjonal by.
Etter den israelsk-arabiske krigen 1948 vart Jerusalem delt i to delar, den vestlege delen, som hovudsakleg var folkesett av jødar, kom under israelsk styre, medan Aust-Jerusalem kom under jordansk styre og var hovudsakleg folkesett av palestinske muslimar og kristne.
Arabarar som budde i vestlege bydelar i Jerusalem, som Katamon eller Malha, vart tvungne til å dra, og det same måtte jødane i dei austlege områda, inkludert Gamlebyen i Jerusalem og Silwan. Nesten 70% av landområdet i Vest-Jerusalem hadde før Palestinamandatet vore eigd av palestinarar, noko som gjorde det hardt for dei utkasta palestinarane å godta israelsk kontroll i vest. Knesset vedtok lover som overførte denne arabiske landjorda til israelske, jødiske organisasjonar.
Det einaste austlege område av byen som art verande på israelske hender gjennom dei 19 åra med jordansk styre, var Skopusfjellet, der Det hebraiske universitetet i Jerusalem ligg. Dette danna ein enklave i denne perioden, og vert derfor ikkje rekna som ein del av Aust-Jerusalem.
Hovudstad i Israel Israel gjorde Vest-Jerusalem til hovudstaden sin i 1950. Den israelske regjeringa måtte investere stort i nye bygg, eit nytt universitet, nye tilsette, Den store synagoga og Knesset-bygningen.
Samling Under seksdagarskrigen i 1967, erobra Israel den austlege delen av byen i lag med heile Vestbreidda.
I 1980 annekterte dei israelske styresmaktene Aust-Jerusalem og samla byen att, men det internasjonale samfunnet godtok ikkje dette. Folkesetnaden i Jerusalem har i stort grad vore segregert gjennom denne aust-vest-delinga.
Sjå òg Jerusalem distrikt Aust-Jerusalem
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «West Jerusalem» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi i Jerusalem