Beit Liqya (arabisk بيت لقيا) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 21 kilometer sørvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 7 710 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.115.
Historie Beit Liqya, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket in1517, og i 1557 vart inntekter frå landsbyen gjeven til ein ny waqf i Hasseki Sultan Imaret i Jerusalem, oppretta av hasseki Hurrem Sultan (Roxelana), kona til Suleiman den store.Singer, 2002, s. 50, citing TSAE-7816/8. (TSAE=Topkapi Saray Arsivi, Evrak).
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han nemnte òg ein wali for ein sjeik Abou Ismail.Guérin, 1868, s. 347 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Likia som ein «liten landsby langs hovudvegen ved foten av åsane, forsynt av cisterner. Det ligg eldgamle tufter mellom husa.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 16
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde hadde Beit Leqia eit folketal på 739, alle muslimar,Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 dette auka i folketeljinga i 1931, då Beit Liqya hadde 209 busette hus og eit folketal på 858, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 62.
I 1945 var folketalet 1 040, alle arabarar, medan det samla landarealet var 14 358 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 1 918 for plantasjar og irrigert land, 6 469 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 39 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Liqya» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt Liqya
Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement