Al-Ittihad (arabisk الاتحاد tyder «Unionen») er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, skapt i 1997 då tre mindre byar vart slått saman. Desse var Beitillu, Deir 'Ammar og Jammala. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 6 803 i 2007.

Beitillu

Beitillu (arabisk بيتللو) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 19 kilometer nordvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 3 083 i 2006Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS)

Deir 'Ammar

Deir 'Ammar (arabisk دير عمار) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 17 kilometer nordvest for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 2 414 innbyggjarar i 2006.

Jammala Jammala (arabisk جمّالا) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 18 kilometer nordvest for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 453 innbyggjarar i 2006.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Ittihad, Ramallah» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement