Abwein (arabisk عبوين ) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, kring 37 kilometer nord for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Abwein eit folketal på 6 000 innbyggjarar i 2007. Dei fleste innbyggjarane i Abwein er etterkomarar etter arabarar frå Tafilah i ørkenen i dagens Jordan.Abwein Municipality - Palestine Abwein Municipal Website

Historie Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 53 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'youein, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Han noterte at landsbyen hadde rike vasskjelder, vakre valnøtt-tre, og hagar med fiken, oliven og granateple.Guérin, 1875, s. 169 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Abwein som ein landsby i ei åsside med ein brunn i sør, og oliventre nedanfor seg i nord.Conder og Kitchener, 1882, s. 289

Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Abwain eit folketal på 543, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 Under folketeljinga i 1931 hadde Ibwein 171 busette hus og eit folketal på 695, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 49.

I 1945 var folketalet 880, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 1 863 for plantasjar og irrigert land, 8 296 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 36 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abwein» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Abwein/'Ibwein

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda