Ein 'Arik (arabisk عين عريك) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 kilometer vest for Ramallah, nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 567 innbyggjarar med både muslimar (65%) og kristne (35%) i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 114.

Historie Sørvest for landsbyen ligg Khirbet al-Hafi, der ein har funne bysantinsk keramikk, i lag med glasbitar og gamle jordbruksterrassar.Dauphin, 1998, s. 838Conder og Kitchener, 1883, s. 112 Ein har òg funne spor frå krossfarartida/abbasidane og tidleg osmansk tid.Finkelstein et al, 1997, s. 330

Osmansk tid Ein Arik vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod 'Ain 'Arik oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 24 hushaldningar, 14 muslim og 10 kristne. Landsbybuarane betalte skattar for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121.

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ain' Arik som «ei lita steingrend, i ein djup dal med ei gresk kyrkje. Innbyggjarane er greske kristne. Det er ei god kjelde i vest ved ei lita elv. Staden er omgjeve av oliventre og her veks sitronar og andre tre kring vatnet i tjukke lundar.»Conder og Kitchener, 1883, s. 7

Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Ain 'Arik eit folketal på 200 kristne og 165 muslimar,Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 medan han i folketeljinga i 1931, 'Ein 'Arik eit folketal på 220 kristne og 274 muslimar som budde i 117 hus.Mills, 1932, s. 49

I 1945 var folkeatlet i 'Ein 'Arik 610, alle arabarar, medan det samla landarealet var 5 934 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 2 203 for plantasjar og irrigert land, 1 168 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112 medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein 'Arik» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Palmer, E. H. (1881): The survey of Western Palestine: Arab and English name lists collected during the survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Translitterert og forklart av E.H. Palmer.

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ayn 'Arik Ain Arik Parish , Latin patriarkatet 'Ein 'Arik, areal photo Ein Arik , Unispal Civil Administration nixes order to take land for settlement road, June 14, 2012, The Times of Israel

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Palestinske kristne busetnader