Nabi Salih (arabisk النبي صالح) er ein liten palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 20 kilometer nordvest for Ramallah. Han hadde kring 530 innbyggjarar i 2007.

Historie I 1596 stod landsbyen oppført (som Dayr Salih) i osmanske skattelister som ein del av i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på to hushaldningar, begge muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar og tilfeldige inntekterHütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden to gonger på 1800-talet. I 1870 skreiv han at staden var kalla opp etter ein person som «vert halde i ære der, under ein koubbeh delvis bygd med vanleg steinverk med ein eldgammal utsjånad.» I 1870 estimerte Guérin at landsbyen hadde 150 innbyggjarar.Guérin, 1875, s. 105, 106. I The Survey of Western Palestine (1882), vart Neby Saleh skildra som «ein mellomstor landsby på ein rygg, med ein liten moské og ein brunn i sør. Ei kjelde ligg 1 km mot aust.»Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 291

Heilagdomen til Salih Ei lokal segn meiner bygningen med blåfarga kuppel i landsbyen er heilagdomen til profeten Salih (I Bibelen Sjelah). Den moderne strukturen vart bygd på 1800-talet under osmansk styre. Han vart bygd over ruinane av eit krossfararbygg, som visstnok vart bygd over ruinane av ei bysantinsk kyrkje. Ruinane av den eldre strukturen omfatta apsisar med tre passasjar bak heilagdomen.

Geografi

Landsbyen ligg 570 meter over havet langs fjellkjeda som går langs Vestbreidda. Nabi Salih ligg 20 kilometer nordvest for byane Ramallah og al-Bireh.Velkommen til al-Nabi Salih Palestina Remembered. I nærleiken ligg Bani Zeid i nordvest, Kafr Ein i nord, Deir as-Sudan i nordaust, 'Abud i vest og Deir Nidham i sørvest.Satellite view of al-Nabi Salih

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nabi Salih» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av området, ARIJ

Kategori:Palestinske heilagdomar Kategori:Landsbyar på Vestbreidda