Aqraba (arabisk عقربة) er ein palestinsk by i Nablus guvernement, 18 kilometer søraust for Nablus nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Aqraba eit folketal på kring 8 180 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.

I nærleiken ligg grender som er ei naturleg forlenging av byen, og desse er al-Arama, al-Kroom, Abu al-Reisa, al-Rujman, Firas al-Din og Tel al-Khashaba. Det samla folketalet i desse grendene er kring 500.

Historie og arkeologi Aqraba er nemnt fleire gonger i Bibelen som Akrabbim og er den sørlegaste grensa i «Det lova landet». Den hebraiske omsetjinga er «skorpionar».Acraba, the last landsby adjacent to the desert Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem. 2000-12-19. Aqraba på arabisk tyder «skorpion» (eintal).

I byen ligg ein moské bygd med eldgamle steinar med greske inskripsjonar og ein kross. I følgje ei lokal egn og fleire britiske forksarar, skal moskeen opphavleg ha vore ei bysantinsk kyrkje. Nord for landsbyen ligg ei borg kalla Qal'at al-Hosn som består av blokker av bygningar på ei høgd.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aqraba» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Aqraba kommune

Kategori:Byar på Vestbreidda