Gunnar Halle () er ein tidlegare norsk fotballspelar som i perioden 1987-99 spelte 64 landskampar for Noreg og skåra fem landslagsmål. Sidebacken Halle deltok i VM i fotball 1994 i USA og 1998 i Frankrike.
Fram til 1985 spelte Halle for Larvik Turn i 3. divisjon. Han melde då overgang til Lillestrøm Sportsklubb, der han var fast på laget fram til 1990. Våren 1991 vart han overført til engelske Oldham Athletic, som var i ferd med å rykke opp i toppdivisjonen. Gjennom fem sesongar var Halle fast høgreback for Oldham. Sommaren 1996 gjekk ferda vidare til Leeds United, der han spelte i tre sesongar. 1999-2002 var han Bradford City-spelar, og så ei kort tid Wolverhampton-spelar. Frå sommaren 2002 og ut 2003-sesongen var han atter å sjå i Lillestrøm-drakt.
Merittar Cupmeister 1985 med Lillestrøm Tapande cupfinalist 1986 med Lillestrøm Seriesølv med Lillestrøm: 1985 og 1988
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunnar Halle» frå , den 25. september 2015.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Oldham-spelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Bradford-spelarar Kategori:Folk frå Larvik