Umm ar-Rehan (arabisk أم الريحان, òg skrive Umm Rihan eller Um al-Rehan) er ein palestinsk landsby med 370 innbyggjarar høgt i dei nordvestlege åsane i Jenin guvernement, 14 km frå Jenin. Han er ein av fleire palestinsk landsbyar som no er ein enklave i Separasjonssonen

Umm al-Rehan er ein av sju landsbyar som er ein del av Barta'a-enklaven, som er kalla opp etter den største byen i enklaven: den austlege Barta'a (3 500 innb.).

Historie I romersk tid bestod Umm ar-Rehan av kring hundre hus, eit vegsystem og hadde eit romersk bad. Ein har òg funne lekamar daterte til bysantinsk tid.

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein stad med «spor av ruinar. Vest for han i dalen ligg ruinane av eit vakttårn».Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 64

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Umm ar-Rihan» frå , den 25. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Kh. Umm al-Rihan

Kategori:Jenin guvernement Kategori:Landsbyar på Vestbreidda