Barta'a (arabisk skrift برطعة, hebraisk skrift בַּרְטַּעָה) er ein by i Israel og Dei palestinske territoria som ligg på begge sider av Den grøne linja og Wadi Ara-området.

De vestlege Barta'a ligg i Haifa distrikt i Israel, og utgjer ein del av Basma lokale kommune. Dei 4 700 innbyggjarane her er arabiske borgarar i Israel.

Den austlege Barta'a lgig i Dei palestinske territoria nord i Jenin guvernement på Vestbreidda i det som i følgje Osloavtalen er Område C. Denne delen har 3 600 innbyggjarar, der 30-40 % har israelske identifikasjonskort, og resten palestinske.Projected Mid -Year Population for Jenin guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå

Historie I folketeljinga i 1931 hadde Barta'a 94 busette hus og eit folketal på 692 muslimar.

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart landsbyen Barta'a delt av våpenkvilelinja i ein austleg og vestleg del. Den vestlege delen kom inn under israelsk control, medan den austlege kom inn under jordansk kontroll. Frå 1949 til 1967 var det umogeleg å krysse mellom dei to halvdelane.

Etter seksdagarskrigen i 1967, tok Israel kontroll over Vestbreidda og dei to delane av byen vart uformelt samla att, og vart driven som ein enkel kommune.

Etter bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda i 2003, hamna den austlege Barta'a i ein lukka militærsone, eit område mellom den grøne linja og sperringa kalla Separasjonssonen.

Aust-Barta'a (Barta'a ash-Sharqiyya) er den største byen i det som vert kalla Barta'a-enklaven, som òg omfattar dei palestinske landsbyane Um ar-Rehan, Khirbet 'Abdallah al-Yunis, Khirbet Ash-Sheikh Sa'eed, Khirbet al-Muntar al-Gharbiya, Khirbet al-Muntar ash-Sharqiyya og Dhaher al-Malik.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barta'a» frå , den 25. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Jenin guvernement Kategori:Haifa distrikt Kategori:Wadi Ara Kategori:Delte byar Kategori:Busetnader i Haifa distrikt