Sumpsmett (Cistothorus apolinari) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som er endemisk for Colombia.
Skildring Han er ein liten smett på 12 centimeter med brun fjørdrakt, har mørke flekker på ryggen og mørke tverrstriper på halen. Ein underart har lys, nesten kvit underside.
Songen består hovudsakleg av låge tonar, med ein karakteristisk lyd av tvii og territorielle rop høyrast ut som tjorr. Fuglen lever av edderkoppar og små insekt. Vanlegvis gøymer dei seg i sumpar og i sivfelt med nærvere av espadana-plantar i dunkjevlefamilien og 'juncales' i storrfamilien. Hekkesesongen er i mars til august.
Utbreiingsområdet er i sumpområdet sør for Bogotá, og i Andes, Cundinamarca-departementet og Boyacá-departementet, total høgdutbreiing er mellom 2500 og 3900 moh.Kroodsma et al, 2005
Populasjonen er estimert til å ligge i området 1000 til 2500 individ er trudd å minke sterkt. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.BirdLife International (2021)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Apolinar's Wren» frå , den 26. september 2015. Kroodsma, D. & Brewer, D. (2005). Apolinar's Wren (Cistothorus apolinari) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. september 2015
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gjerdesmettfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Fuglar i andesregionen