Yatta eller Yattah (arabisk يطّا, hebraisk skrift יטא) er ein palestinsk by i Hebron guvernement på ei høgd, kring 8 km sør for byen Hebron på Vestbreidda.Columbia Encyclopedia: Juttah I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 48 672 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
Historie mini|venstre|Eldre menn i Yatta. Yatta er identifisert med den bibelske byen Jutta.; Ein jødisk gravplass datert til 100-talet evt. vart funnen i byen i 1931. Eusebius (300-talet) skreiv at Yatta var «ein svært stor, jødisk landsby, 18 mil sør for Beit Guvrin.»
I 1596 hadde han eit folketal på 127 muslimske familiar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og bikubar.* I 1931 var folketalet 4 034 muslimar.Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem, 1932, s. 34.
Survey of Western Palestine skildra landsbyen i 1870-åra som ein «stor landsby på ei høgd. Han er bygd av stein, men somme av innbyggjarane bur i telt. Vassforsyninga kjem frå cisterner. I sør ligg det graver hogde ut i berget, og vinpresser i stein finst over heile landsbyen. Området er særs steinete, sør for landsbyen ligg spreidde oliven, i vest, like nedanfor ei klippe, ligg ein liten olivenhage der leiren til kartleggingsgruppa slo leir i 1874. Sørvest for leiren står nokre fikentre. Landsbyen vert sagt å ha 17 000 sauer, i tillegg til geiter, kyr, kamelar, hestar og eslar. Sjeiken aleine har 250 sauer.»The Survey of Western Palestine, Vol III, 1883, pp310 380.
Minst sju palestinarar vart drepne i Yatta under den andre Intifada i 2002-2004.palestinarar killed by israelske security forces i Occupied Territories B'Tselem
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yatta i Hebron» frå , den 27. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff yatta-munc.org Yatta Town
Kategori:Byar på Vestbreidda