A-Ram eller al-Ramm (arabisk skrift الرّام, hebraisk skrift אל-ראם) er ein palestinsk by nordaust for Jerusalem, like utafor kommunegrensa til byen. Landsbyen er ein del av det urbane området kring Jerusalem, Atarot industrisone og Beit Hanina ligg i vest, og Neve Ya'akov ligg i sør. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde a-Ram eit folketal på 25 595 i 2006.
Historie I krossfarar-kjelder vart Al-Ram kalla Aram, Haram, Rama, Ramatha, Ramitta, eller Ramathes.Pringle, 1998, s. 179
Al-Ram var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey gav som eit len til Den heilage grav-kyrkjaConder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11de Roziére, 1849, s. 263: Haram, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
Alle innbyggjarane i landsbyen som vart nemnde i krossfararkjelder mellom 1152 og 1160 hadde namn som indikerer at dei var kristne.Röhricht, 1893, RRH, s. 70- 71, No 278; s. 92, No 353Pringle, 1998, s. 180
Landsbyen vart nemnt kring 1161, då ein krangel om landegrenser vart avgjort.Röhricht, 1893, RRH, s. 96, No 365
Osmansk tid I 1838 skreiv Edward Robinson at landsbyen var særs fattig og liten, men store steinar og spreidde søyler indikerte at han ein gong hadde vore ein viktig stad.Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 315-317 I 1870 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 200 innbyggjarar.Guérin, 1874, s. 199 ff
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine, Er Ram, som «ein liten landsby, lett synleg på toppen av ein kvit ås, med oliven. Han har ein brunn i sør. [..] Husa er av stein, delvis bygd av gamle materiale».Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 13
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Ram 208 innbyggjarar, alle muslimar.Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 14 Dette auka i folketeljinga i 1931 til 262, framleis alle muslimar, i 51 hus.Mills, 1932, s. 42
I ei folketeljing i 1945 hadde Er Ram eit folketal på 350 arabarar, og eit samla landareal på 5 598 mål.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58 441 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 291 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104 medan 14 mål var utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 kom Al-Ram under Jordan sitt styre.
Etter seksdagarskrigen i 1967 har Al-Ram has vore under israelsk okkupasjon.
Venskapsbyar Zemun i Serbia Bondy i Frankrike
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ar-Ram» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:
( s. 108, 114, 141) (Index: s. 491: Aram (Haram), s. 504: Rama, Ramatha ) (Index: s. 129: Aram #74; s. 134: er Ram #74; Rama #30a; (Rame? #512)
Wilson, Charles Williams, ed. (1881, 1884): Picturesque Palestina, Sinai and Egypt. vol 1 of 4.
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Ram
Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Jerusalem guvernement