Sahab (arabisk سحاب) er ein by i kongedømet Jordan, søraust for hovudstaden Amman. Sahab er kjend for industriområdet sitt, den islamske gravplassen og staden Kahf of Raqeem som er nemnt i Koranen (Surat al-Kahf).

Dei første innbyggjarane i Sahab kom hovudsakleg frå Egypt under Det osmanske riket i 1850-åra.

al-Raqaim er nemnt i Koranen. Segna om «Ahlul-Kahf» eller grottefolket kjem i ein Surah med same namn. Det handlar om fleire unge menn som søkte tilflukt i ei grotte kalla Al-Raqaim nær Sahab, etter at dei frykta det verste då dei hadde konvertert til ein ny religion. Dei sov i grotta i 309 år, før Gud vekte dei og grotta vart oppdaga av folk i byen som vart truande etter den tid.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sahab, Jordan» frå , den 5. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff http://www.sahabjo.com

Kategori:Busetnader i Amman guvernement