Kufr 'Awan (كفرعوان på arabisk) er ein landsby i Kourah nahiya i Irbid guvernement i Jordan. Der eit av fem område i storbyområdet Barqash. Han hadde kring 12 000 innbyggjarar i 2011.
Geografi Byen ligg i Irbid guvernement nordvest i Jordan, kring 35 km frå byen Irbid. Kufr 'Awan ligg mellom dei fire landsbyane Jdita og Kufr 'Abel i sør og sørvest og Bait 'Edis og Kufr Rakeb i nord. I tillegg ligg det arkeologiske området Al Kharja' i vest, som høyrer til Kufr 'Awan. Kufr 'Awan ligg òg i nærleiken av Jordandaleni vest og fjella i Ajloun guvernement i sør.
Historie Byen ligg oppom den kjende romerske oldtidsbyen Pella, som var ein av ti byar i Dekapolis-forbundet.
Slaget ved Fahl mellom Rashidun-kalifatet og Romarriket fann stad i dette området. Like nedanfor den gamle staden står ein moské, til minne om ein av følgjeseveinane til profeten Muhammed, som døydde i slaget i januar 635.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kufr 'Awan» frå , den 5. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Irbid guvernement