Shoubak (arabisk الشوبك) er ein by som ligg nordvest i Ma'an guvernement i Jordan. Han har eit folketal på 12 500 og er ein av dei høgastliggande busetnadane i Jordan, 1330 meter over havet. Kommunen er kjend for dyrking av eple og anna frukt. Krossfararborga Montreal ligg i Shoubak.

Historie mini|venstre|Krossfararborga Montreal i Shoubak. Shoubak vart først busett av edomittar som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Han vart så busett av nabatearane.

Shoubak er kjend for krossfararborga Montreal. I lag med Petra og Akaba, dannar Shoubak ein del av trekanten som ligg langs krossvegane mellom Syria, Saudi-Arabia og Egypt.

Shoubak nådde toppen av glanstida si etter Baldwin I av Jerusalem tok kontroll over staden, og kutta røtene mellom Egypt og Syria. Montrealborga vart bygd på toppen av ein ås der i 1115. Shoubak vart så annektert av Ajjubide-dynastiet av Saladin i 1187.

Geografi og klima mini|venstre|Shoubak er kjend for kalde vintrar. Shoubak ligg i området nær Tafilah guvernement i nord og Akaba guvernement i vest. På grunn av høgda er Shoubak kjend for dei kalde vintrane. Byen ligg òg nær Den arabiske ørkenen og har derfor varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren i Shoubak er kring 150-350 mm.

Økonomi Jordbruk er hovudnæringa i Shoubak, etterfølgd av turisme. Høgda gjer Shoubak høvande for å dyrke oliven, grønsaker og frukt, hovudsakleg eple. Byen er òg ein stor produsent av honning.Shoubak kommune

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shoubak» frå , den 6. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kommunar i Jordan Kategori:Busetnader i Ma'an guvernement