Russeifa, òg skrive Russiefa, (arabisk الرصيفة) er ein by i Zarqa guvernement i Jordan. Han hadde eit folketal på kring 280 000 (2009) og er den fjerde største byen i Jordan etter Amman, Irbid og Zarqa.

Geografi mini|venstre mini|venstre mini|venstre Byen Russeifa ligg sentralt i Jordan ved Zarqaelva og hovudvegen mellom Amman og Zarqa. Dei tre byane Amman, Zarqa og Russeifa dannar eit stort storbyområde, det nest største storbyområdet i Levanten etter Damaskus. Byen høyrer til Zarqa guvernement. Sidan han ligg nær Amman og Zarqa husar han fleire tungindustriar.

Demografi I folketeljinga i 2004 hadde Russeifa 268 237 innbyggjarar.

Bydelar i Russeifa kommune Storbyområdet er delt inn i fem distrikt:

+ distrikts i Russeifa storbyområdeDistriktArabisk namnAreal (Km2) Hitteen distrikt منطقة حطين 6.51 Ameriyya distrikt منطقة العامرية 5.0 Yarmouk distrikt منطقة اليرموك3.0 Qadessiyya distrikt منطقة القادسية 4.0 Rasheed distrikt منطقة الرشيد8.0

Økonomi Byen er kjend for fosfat-gruveindustrien sidan 1935, først oppdaga av Amin Kamel Kawar, Selskapet Jordan Phosphate Mines vart grunnlagd av Kawar og driv fosfatgruvene i Russeifa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Russeifa» frå , den 7. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Zarqa guvernement