Tore André Dahlum () er ein tidlegare fotballspelar frå Kristiansand som er mest kjend for sine tre periodar i IK Start (1987-91, 1994-96, 2001) og to periodar i Rosenborg (1992-93 og 1997-99). Med Rosenborg vann han fem seriegull og to cupmeisterskap.
I yngre år var Dahlum Vigør-spelar. Han debuterte på Start i 1988, men fekk sitt gjennombrot i 1990-sesongen då han vart toppskårar i 1. divisjon med 20 mål. Same året fekk han sin landslagsdebut, fram til 1999 spelte han 15 landskampar og skåra 6 mål. Høgdepunktet i landslagstrøya kom i 1991, då han gav Noreg leiinga i EM-kvalfiseringskampen mot Italia, ein kamp som enda med norsk siger 2-1.
Vinteren 1992 vart Dahlum overført til Rosenborg, der han hadde ein god fyrstesesong. Mellom anna skåra han eit flott volleymål i cupfinalen som Rosenborg vann 3-2 over Lillestrøm SK. I sin andre sesong med RBK fekk han lite speletid, og returnerte til Start framfor 1994-sesongen
Hausten/vinteren 1996/97 var Dahlum ei kort tid i den greske klubben Skoda Xanthi. Våren 1997 byrja han på si andre Rosenborg-periode. Frå hausten 1999 til hausten spelte han etter tur for belgiske Gent, danske Aalborg, samt Start.
Merittar Seriemeister: 1992, 1993, 1997, 1998 og 1999 med Rosenborg Noregsmeister: 1992 og 1999 med Rosenborg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tore André Dahlum» frå , den 8. oktober 2015.
eu-football
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Start-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Folk frå Kristiansand