mini|Plasseringa til Saudi-Arabia

Kongedømet Saudi-Arabia er eit land i Sørvest-Asia, det største landet i Arabia, og grensar til Persiabukta og Raudehavet, nord for Jemen. Den lange kystlinja langs Persiabukta og Raudehavet har gjort det enkelt å drive skipsfart (særleg råolje) gjennom Persiabukta og Suezkanalen. Kongedømet dekkjer 80 % av Den arabiske halvøya. Dei lange grensene mot Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Oman og Jemen (tidlegare dei to fråskilde landa Den jemenittiske arabiske republikken eller Nord-Jemen og Den demokratiske folkerepublikken Jemen eller Sør-Jemen) er ikkje definerte så den eksakte storleiken til landet er ukjend. Staten har estimert arealet til å vere 2 217 949 kvadratkilometer, medan andre truverdige estimat har variert mellom 2 149 690 og 2 240 000 kvadratkilometer. Mindre enn 1 % av det samla arealet høver for oppdyrking og tidleg i 1990-åra varierte folkefordelinga stort mellom byar på aust- og vestkysten, tett folkesette oasar i dei indre områda og enorme, nesten tomme ørkenar.

Ytre grenser mini|Topografisk kart over Saudi-Arabia. mini|Det tilnærma landbyte mellom Jordan (som fekk det grøne området) og Saudi-Arabia (som fekk det raude).

Saudi-Arabia grensar til sju land og tre havområde: I vest ligg Akababukta og Raudehavet med ei nesten 1 800 km kystgrense som strekkjer seg til sørlege delar av Jemen og følgjer ein fjellrygg kring 320 km til området nær Najran. Denne delen av grensa med Jemen vart staka ut i 1934 og er ei av få tydeleg definerte grenser med nabolanda. Den saudiarabiske grensa går søraust frå Najran, men er ikkje fastsett. Den umarkerte grensa vart ei sak tidleg i 1990-åra då det vart oppdaga olje området og Saudi-Arabia protesterte mot at utanlandske selskap fekk hente opp olje derfrå på vegner av Jemen. Sommaren 1992 møtte representantar for Saudi-Arabia og Jemen kvarandre i Geneve for å diskutere grensa.

I Nord grensar Saudi-Arabia til Jordan, Irak og Kuwait. Nordgrensa strekkjer eg nesten 1 400 kilometer frå Akababukta i vest til Ras al Khafji ved Persiabukta. I 1965 vart Saudi-Arabia og Jordan samde om å trekkje om grensa og byte ut små landområde, slik at Jordan fekk større kystlinje ved nær Aqaba, den einaste hamnebyen i landet.

I 1922 signerte Ibn Saud og britiske embetsmenn som representerte irakiske interesser Mohammara-avtalen, som fastsette grensa mellom Irak og det framtidige Saudi-Arabia. Seinare på året vart Al Uqair-konvensjon signert av dei to partane der det vart danna eit diamant-forma nøytralt område mellom Saudi-ARabia og Irak på kring 7 000 kvadratkilometer, like ved vestenden av Kuwait, der verken Irak eller Saudi-Arabia kunne bygge permanente bygg eller installasjonar. Avtalen vart forma for å verne vassrettar i sonen for beduinar i begge land. I mai 1938 signerte Irak og Saudi-Arabia ein ny avtale som handsama styret av denne regionen. 43 år seinare, signerte Saudi-Arabia og Irak ein avtale som definerte grensa mellom dei to landa, der den nøytrale sonen vart delt mellom dei. Avtalen løyste dermed opp den nøytrale sonen.

Grensa mellom områda til Ibn Saud i Najd og Austprovinsen og det britiske protektoratet Kuwait var først regulert av Al Uqair-konvensjonen frå 1922. I eit forsøk på å unngå strid om territorium, vart det oppretta eit anna diamantforma deleområde på 5 790 kvadratkilometer like sør for Kuwait. I 1938 vart det oppdaga olje sør i Kuwait i Burqan-felta, og begge landa inngjekk kontraktar med utanlandske oljeselskap for å utforske område i delesonen. Etter fleire år med diskusjonar kom Saudi-Arabia og Kuwait til ei semje i 1965 som delte sonen geografisk, og kvart land fekk styre sin halvdel av sonen. Avtalen garanterte at rettane til begge partar om naturressursar i heile sonen, framleis skulle respekterast etter at kvart land hadde annektert sin halvdel av sonen i 1966.

Den austlege grensa til Saudi-Arabia følgjer Persiabukta frå Ras 'al Khafji til Qatarhalvøya, der grensa med Saudi-Arabia vart avgjort i 1965. Den saudiarabiske grensa med Oman, på søraustkysten av Den arabiske halvøya, går gjennom Rub 'al-Khali, «den tomme fjerdedelen». Grensa vart definert i 1990 i ein avtale mellom Saudi-Arabia og Oman som inkluderte deling av beiteområde og vassrettar. Grensa gjennom 'Al Buraymi-oasen, staden der grensa til Oman, Abu Dhabi (eit av emirata i UAE) og Saudi-Arabia møter kvarandre, har skapt store diskusjonar mellom dei tre statane etter Jeddah-avtalen i 1927. I 1975 kom Saudi-Arabia og Abu Dhabi til ei semje der Abu Dhabi aksepterte suverenitet over seks landsbyar i 'Al Buraymi-osalen og delte det rike Zararah-oljefeltet. Til gjengjeld fekk Saudi-Arabia eit utløp til Persiabukta gjennom Abu Dhabi.

Dei maritime krava til Saudi-Arabia omfattar ei 12 nautiske mil (22 km) territorial grense langs kysten. Landet gjer òg krav på mange småøyar og noko havbotn og undergrunn utafor denne grensa.

Maritime krav:

samanhengande sone:

kontinentalsokkel: ikkje spesifisert

territorialfarvatn:

Vassressursar

Fram til 1980-åra hadde Saudi-Arabia innsjøar i Layla Aflaj og djupe vasshol i 'Al-Kharj, som fekk vatn frå underjordiske vasslag danna i førhistoria og som ikkje var fornybare. 'Al Kharj var ei verdifull drikkevasskjelde i eit ufruktbart område. I nyare år har ein brukt for mykje vatn frå desse kjeldene, både til jordbruk og drikkevatn, og det er ikkje lenger ferskvatn att i desse innsjøane og underjordiske kjeldene.

Utan permanente elvar eller innsjøar, vert bekkar, grunnvatn, avsalta sjøvatn og særs knapt med overflatevatn nytta som vassforsyning. I Aust-Arabia og i Jabal Tuwayq, er det mange artesiske brunnar og kjelder. I Al Ahsa finst det store, djupe basseng som får vatn frå artesiske kjelder via underjorda frå det austlege vasskilje i Jabal Tuwayq. Slike kjelder og brunnar gjev god tilgang til vatn i lokale oasar. I Hijaz er det mange brunnar og det er vanleg med kjelder i fjellområda. I Najd og dei store ørkenane er det lengre mellom vassforsyningane, som ligg spreidd over eit stort område. Vatn må løftast eller pumpast til overflata, og sjølv når det er mykje vatn, kan kvaliteten vere dårleg.

Moderne teknologi har funne og auka tilkomsten til mykje underjordisk vatn. Ingeniørar frå Saudi Arabian Oil Company (Saudi Aramco) har funne særs djupe vasslag i mange område nord og aust i Arabia, og Wasia, det største vassførande laget i Saudi-Arabia, inneheld meir vatn enn heile Persiabukta. Den saudiarabiske staten, Saudi Aramco, og Dei sameinte nasjonane (SN) mat og jordbruksorganisasjon (FAO) har i lag prøvd å utvinne dei underjordiske vassressursane. Tidlegare førte dårlege borte brunnar til at vatnet vart redusert eller øydelagd. Fleire jordbruksprosjekt, mange oppretta for å oppfordre beduinane om å busetje seg, har auka utnyttinga av desse vassressursane. Tidleg i 1990-åra har omfattande jordbruksprosjekt i stor grad vore avhengig av slike underjordiske vasskjelder, som forsynte meir enn 80 % av vatnet som jordbruket kravde. I 1987 vart kring 90 % av det totale vassforbruket i landet konsumert av jordbruket.

Topografi og naturlege regionar mini|Topografisk kart over Saudi-Arabia. mini|Fysisk kart over Saudi-Arabia.

mini|Kart over Köppen si klimaklassifisering i Saudi-Arabia (direkte: Final Revised Paper) er basert på naturleg vegetasjon, temperatur, nedbør og årstidsvariasjon.

Den arabiske halvøya er eit eldgammalt massiv som består av stabil, krystallinske bergartar med ein geologisk struktur som vart utvikla samstundes med Alpane. Geologiske rørsler fekk heile massivet til å helle austover og den vestlege og sørlege kanten til å helle oppover. I dalen som vart skapt av forkastinga, kalla Den store Riftdalen, vart Raudehavet danna. Den store Riftdalen går frå Middelhavet langs begge sider av Raudehavet og sørover gjennom Etiopia til innsjøområdet i Aust-Afrika, og forsvinn gradvis i området kring Mosambik, Zambia og Zimbabwe. Forskarar analyserte bilete teken av amerikanske astronautar under ein felles amerikansk-sovjetisk romekspedisjon i juli 1975 og fann eit stort vifteforma område av sprekker og forkastingar som strekte seg nord og aust frå Golanhøgdene. Ein meiner at desse forkastingane er den nordlege slutten på Den store Riftdalen og eit resultat av ein langsam rotasjon av Den arabiske halvøya mot klokka på ein måte som om kring 10 millionar år vil lukke Persiabukta og gjere han til ein innsjø.

På halvøya dannar den austlege linja av Den store Riftdalen ein synleg, bratt, og somme stader høg, skrent som går parallelt til Raudehavet mellom Akababukta og Adenbukta. Austsida av skrenten er relativt slak, og fell til eksponerte skjold av eldgamle landmassar som eksisterte før forkastinga oppstod. Ein annan, lågare skrent, Jabal Tuwayq, går nord til sør gjennom Riyadh-området.

I sør, på kystsletta stig Tihamah gradvis opp frå sjøen til fjella. Hejaz strekkjer seg sørover til grensa av det fjelldominerte Jemen. Det sentrale platået Najd, strekkjer seg aust til Jabal Tuwayq og litt bortafor. Ei lang, smal stripe med ørken, kalla Ad Dahna, skil Najd frå det austlege Arabia, som heller austover til den sandete kysten langs Persiabukta. Nord for Najd ligg ein større ørken, An Nafud, isolert i hjartet av halvøya frå steppene nord i Arabia. Sør for Najd ligg ein av dei største sandørkenane i verda, Rub al Khali.

Hejaz

mini|Tuwaiq-skrenten frå vest. mini|Harrat al Birk vulkanfelt. Den vestlege kystskrenten kan reknast som to fjellrekkjer skilde av ein dal nær Mekka i Tihamah. Den nordlege fjellrekkja i Hejaz går sjeldan over 2 100 meter, og høgda minkar gradvis mot sør til kring 600 meter. Den kuperte fjellveggen fell brått til sjøen med berre få kystsletter innimellom. Det finst ingen naturlege hamner langs Raudehavet. Erosjon har fjerna all jord frå den vestlege skrenten gjennom sjeldne, men kraftige regnbyer, som har gjev frodige sletter i vest. Austhellinga er mindre bratt og er markert av tørre elveleie (wadiar) som syner eldgamle elveleie som framleis fører vatn når det ein sjeldan gong regnar. Spreidde oasar, som får vatn frå kjelder og brunnar i nærleiken av desse wadiane, gjer at ein kan ha noko jordbruk. Av desse oasane er den største og viktigaste Medina. Sør for Hejaz, strekkjer fjella seg over 2 400 meter fleire stader, med somme toppar over 3 000 meters. Austsida av fjellrekkja i Asir er slag, og glir over i ei høgslette som fell gradvis mot Rub al Khali. Sjølv om det sjeldan regnar i området, finst det fleire frodige wadiar, og dei viktigaste av desse er Wadi Bishah og Wadi Tathlith, som gjer oase-jordbruk mogeleg på relativ stor skala. Fleire store lavasletter (harrat) dekkjer overflata av høgslettene aust for fjellrekkjene i Hijaz og syner spor av relativ nyleg vulkansk aktivitet. Den største av desse er Khaybar, nord for Medina; ein annan Al Harrah, er ein del av det store vulkanfeltet Harrat Ash Shamah. Kjende byar i Hejaz er mellom anna den heilage byen Medina og byen Taif.Yaqut al-Hamawi, Mu'jam Al-Buldan, vol. 2, s. 219

Tihamah Den kuperte vestsida av skrenten fell bratt ned til kystsletta, låglandet Tihamah, som i snitt er 65 kilometer breitt. Langs kysten finst det salte tidvassletter med avgrensa jordbruksverdi, med potensielt rike elvesletter bakom. Den relativt godt vatna og frodige øvre fjellsida og fjella bakom ligg i store terrassar som er mogeleg å dyrke. Denne kystsletta er ein del av økoregionen kalla Den arabiske halvøya kyst-tåkeørken. Både den heilage byen Mekka og byen Jeddah ligg nord i Tihamah.Yaqut al-Hamawi, Mu'jam Al-Buldan, vol. 2, s. 219

Najd