Eit bispedøme, bispedømme eller stift er eit geografisk område og ei administrativ eining i kyrkja, leidd av ein biskop og eventuelt av eit bispedømeråd.

Nemninga er brukt i Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og i nokre protestantiske kyrkjer, mellom anna Den norske kyrkja. I Den ortodokse kyrkja finst ei tilsvarande eining som typisk blir kalla eparki.

Bispedøme i Noreg mini|Kart over bispedøma i Den norske kyrkja.

I Noreg er det tre bispedøme i Den katolske kyrkja og elleve bispedøme i Den norske kyrkja. Bispedøme i Den katolske kyrkja i Noreg Oslo katolske bispedøme Trondheim stift Tromsø stift

Bispedøme i Den norske kyrkja Fram til 1919 var nemninga stift.

Agder og Telemark bispedøme Bjørgvin bispedøme Borg bispedøme Hamar bispedøme Møre bispedøme Nidaros bispedøme Nord-Hålogaland bispedøme Oslo bispedøme Stavanger bispedøme Sør-Hålogaland bispedøme Tunsberg bispedøme

I tillegg har Den norske kyrkja frå 2. oktober 2011 preses, som er leiande for bispedømerådet og har sete i Nidaros. Dette embetet har mykje sams med det som i Svenska kyrkan og Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland heiter erkebiskopen.

Soge Nordmenn vart kristna litt om senn frå mellomalderen, og landet vart offisielt kriste kring 1020 då Olav den Heilage var konge. So tidleg som 1070 fekk Noreg tre bispedøme i Oslo, Bjørgvin og Nidaros. Erkebiskopen i Hamburg-Bremen rådde over heile Norden fram til 1103, då erkebiskopen i Lund overtok ansvaret for Danmark, Sverige og Noreg. I 1152-1153 var kardinal Nicolaus Breakspear sendt av pave Anastasius IV til Nidaros for å skipa erkebiskopsete som skulle gjelda for Noreg og vesterhavsøyane.. Bispedømet var stort, og inntektene frå Nidarosprovinsen lét domkyrkjebygget verta monaleg større. Den fyrste erkebiskopen i Nidaros var Jon Birgersson.

Reformasjonen kom til Noreg i 1536-37, då Kristian III av Danmark-Noreg var konge. Med dette vart dei katolske bispedøma bytt ut med evangelisk-lutherske. Erkebiskoptittelen vart då avskipa. Dette førde til at biskopar, prostar og prestar vart valde ut av kongen heller enn paven. I staden for å ha erkebiskop var biskopen i den politiske hovudstaden - den gong Kjøpenhamn, men Oslo frå 1814 - nemnd til leiande biskop som «primus inter pares», fremst mellom likemenn.

Den norske kyrkja var statskyrkje fram til 2012.

I dag fylgjer bispedøma i stor grad fylkesgrensene.

Kjelder

Kategori:Administrative område

Kategori:Kristne organisasjonar Kategori:Den norske kyrkja