«One of These Nights» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles. Han er tittelsporet frå albumet One of These Nights i 1975 og vart den andre singelen deira som nådde toppen av Billboard Hot 100 etter «Best of My Love» og var med å drive albumet opp til toppen av albumlista. Singelversjonen vart korta ned frå albumversjonen av songen, og det meste av introduksjonen og uttoninga var fjerna. Don Henley er solovokalist på versa, medan Randy Meisner syng høg harmoni på refrenget. Songen har ein gitarsolo av Don Felder.

I følgje låtskrivaren Glenn Frey handlar songen om å utsette ting. «Me sa alle, 'ein kveld no snart skal eg gjere noko -- få den jenta, tene dei pengane, finne det huset.' Me har alle våre draumar - ein visjon me håper skal oppfyllast ein dag. Når den dagen kjem er opp til oss sjølv.»

B-side, «Visions», har Don Felder på solovokal, den einaste Eagles-songen han syng solo.

Medverkande Don Henley: solovokal, trommer Glenn Frey: rytmegitar, piano, korvokal Don Felder: sologitar Randy Meisner: bassgitar, korvokal Bernie Leadon: rytmegitar, korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «One of These Nights (song)» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Eagles-songar Kategori:Discosongar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk