Hell Freezes Over er det andre konsertalbumet til Eagles, gjeve ut i 1994. Det inneheld fire nye studiospor og elleve konsertopptak for ein MTV-spesial frå april 1994. Albumet gjekk til topps på Billboard-lista, der det låg i to veker. Det er det ander konsertalbumet ti lbandet etter Eagles Live i 1980. Eagles hadde kome saman att etter ein fjorten år lang pause. Albumet vart ein like stor suksess som turneen og selde over seks millionar eksemplar og inneheldt to singlar som nådde topp 40, «Get Over It» og «Love Will Keep Us Alive». Bandbesetninga bestod av besetninga frå Long Run-tida: Don Henley, Glenn Frey, Joe Walsh, Don Felder og Timothy B. Schmit. Turneen varte frå 1994–96 og vart ein av dei mest suksessrike turenane i musikkhistoria. Albumet inneheld ein akustisk versjon av «Hotel California». Hell Freezes Over vart òg gjeve ut på video i form av VHS, LaserDisc og DVD.
Bakgrunn Namnet på albumet er ein referanse til det Don Henley sa då bandet braut opp i 1980. Han sa at bandet kom til å spele saman att først når «Hell freezes over» (når helvete frys til). Ein av dei mest kjende songane på albumet er eit nytt arrangement av «Hotel California» med ein lengre akustisk gitar- og perkusjonsintro. I byrjinga av konserten seier Glenn Frey: «For å få det sagt, me gjekk aldri frå kvarandre; me berre tok ein 14 år lang pause.»
Den nye songen «Get Over It» vart ein mindre hitt, og ein annan ny song, «Love Will Keep Us Alive», nådde toppen av Billboard Adult Contemporary-lista.
DVDen var ein av dei første musikkutgjevingane som hadde eit DTS-lydspor i tillegg til eit PCM-stereolydspor. DVDen inneheld songen «Seven Bridges Road» som berre var i DTS-lyd. DVDen har sidan blitt gjeven ut på ny med Dolby Digital-lyd. Albumet vart òg gjeve ut på DTS CD i 1997.
Innhald
Alle nye songar vart gjevne ut som studioopptak på albumet, men ein kan sjå dei i konsertopptak på VHS- og DVD-versjonane.
DVD-spor "Help Me Through the Night» (Walsh) 21.44 "The Heart of the Matter» (Henley, Mike Campbell, J.D. Souther) "Seven Bridges Road» (Steve Young) – DTS –
Medverkande Don Felder – elektrisk gitar, akustisk gitar, pedalsteelgitar, mandolin, vokal Glenn Frey – elektrisk and akustisk gitar, piano, klaverinstrument, vokal Don Henley – trommer, akustisk gitar, perkusjon, vokal Timothy B. Schmit – bassgitar, vokal Joe Walsh – elektrisk og akustisk gitar, slidegitar, orgel, vokal
Andre medverkande John Corey – piano Scott Crago – perkusjon, trommer Timothy Drury – klaverinstrument, vokal Stan Lynch – perkusjon Jay Oliver – organ, klaverinstrument, piano Paulinho Da Costa – perkusjon Gary Grimm – perkusjon Brian Matthews – electro-theremin Al Garth – trompet på «New York Minute» Burbank Philharmonic Orchestra – på «New York Minute»
Produksjon Eagles, Elliot Scheiner, Rob Jacobs, Stan Lynch – produsent Joel Stillerman – leiande produsent Carol Donovan – program-produsent Beth McCarthy – programleiar Audrey Johns – program-linjeprodusent Rob Jacobs, Elliot Scheiner – lydteknikar Charlie Bouis, Carl Glanville, Barry Goldberg, Andy Grassi, Tom Trafalski, Tom Winslow – ass. lydteknikar Todd Bowie og Chris Buttleman – gitarteknikar Ted Jensen – mastering Rob Jacobs, Dave Kob, Dave Reynolds, Elliot Scheiner – miksing Adam Armstrong – vokalteknikar Ted Jensen – redigering Don Davis, The Eagles, Jay Oliver – blåsar og strykearrangement David Hewitt – innspelingskoordinator John Halpern, David Skernick – fotografi Keith Raywood – produksjonsdesign Robin Sloane, Janet Wolsborn – kunstnarisk leiar Dwaine «The Peachin' Trucker» Wise – turnemanager Andrew Lopez – sjefssjåfør
Lister
Album Liste (1994)Plassering positionAustralian Top 50 Album23Frankrike Find «The EAGLES» on the drop-down menu to see results.41Tyskland29Japane6Nederland10Sverige9Sveits26US Billboard 2001 Liste (1995)PlasseringAusterrike24New Zealand13Noreg3 Liste (1996)PlasseringUK Album Chart18 Liste (1997)PlasseringUS Catalog Album6 Liste (2001)PlasseringFinland16
Årslister Liste (1990–1999)Plassering U.S. Billboard 20037
Video/DVD Liste (2002)PlasseringJapan151 Liste (2003)PlasseringNederland3Sverige Search for Eagles and click Sök.1 Liste (2004)PlasseringNew Zealand1Noreg1Portugal3
Singlar År Single Liste Plassering 1994 «Get Over It» Adult Contemporary 21 1994 «Get Over It» Mainstream Rock Tracks 4 1994 «Get Over It» The Billboard Hot 100 31 1994 «Get Over It» Top 40 Mainstream 26 1994 «Love Will Keep Us Alive» Adult Contemporary 1 1994 «The Girl from Yesterday» Hot Country Singlar & Tracks 58 1995 «Learn to Be Still» Adult Contemporary 15 1995 «Learn to Be Still» Mainstream Rock Tracks 33 1995 «Love Will Keep Us Alive» Adult Top 40 37 1995 «Love Will Keep Us Alive» Top 40 Mainstream 27
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hell Freezes Over» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Eagles-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Konsertalbum frå 1994 Kategori:Geffen Records-album