Tore Askildsen (fødd 24. august 1957 i Mandal) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti) som var ordførar i Mandal kommune frå 2011 til 2015. Han var varaordførar i kommunen frå 2007 til 2011. Frå 2015 er han fylkesvaraordførar i Vest-Agder.
Før Askildsen vart ordførar, var han daglig leiar for Norea Mediemisjon frå september 1997. Før dette var han landsungdomssekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han har utdanninga si frå Fjellhaug utdanningssenter sin misjonshøgskole og har også vore forkynnar for NLM sitt hovudstyre og ungdomssekretær i Agder krets av NLM.
Askildsen er gift og har tre barn.Om Tore Askildsen i NLM Leksikon
Referanser
Kategori:KrF-ordførarar i Vest-Agder Kategori:Ordførarar i Mandal Kategori:Folk frå Mandal Kategori:Fødde i 1957