«Beginnings» er ein song skriven av Robert Lamm for rockebandet Chicago og spelt inn for debutalbumet The Chicago Transit Authority, som kom i 1969. Lamm syng òg solovokal på songen. Songen var den andre singelen deira (etter «Questions 67 and 68»), men selde opphavleg dårleg.
Etter at bandet hadde hatt suksess med seinare singlar, vart «Beginnings» gjeve ut på ny i juni 1971 med «Colour My World» som B-side. Begge sidene vart radiohittar i USA og den kombinerte singelen klatra til sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. «Beginnings» nådde toppen av Easy Listening-lista.
Den akustisk gitaren vart opphavleg spelt av Chicago-gitaristen Terry Kath. På konsertane spelte Lamm gitar på denne songen, sjølv om han hovudsakleg spelte klaverinstrument for gruppa.
Den uredigerte albumversjonen av songen er 7:54 lang. Den originale singelen vart redigert ned til like under tre minuttar. Ein seinare versjon var like over seks minuttar lang og finst på samlablum. Berre The Heart of Chicago 1967-1997 inneheld den fulle, originale versjonen.
Andre versjonar I 1974 vart «Beginnings» vart spelt inn av pianisten Gene Harris på Blue Note-albumet Astral Signal. Dette er ein av få gonger ein kan høyre Harris som solovokalist.
Lister
Vekeslister Liste (1971)PlasseringCanada RPM 8U.S. Billboard Hot 100 7U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks1U.S. Cash Box Top 10011WLS survey (Chicago) 3
Årslister Liste (1971)PlasseringCanada 53U.S. Billboard Hot 100http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1971.htm56U.S. Cash Box58WLS survey (Chicago)http://www.oldiesloon.com/il/wls89of71.htm70
Medverkande Robert Lamm - solovokal, Hohner Pianet elektrisk piano, Hammondorgel Terry Kath - korvokal, 12-strengs akustisk gitar Peter Cetera - korvokal, bass, perkusjon(?) Danny Seraphine - trommer, perkusjon Jimmy Pankow - trombone Lee Loughnane - trompet Walter Parazaider - altsaksofon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beginnings (Chicago song)» frå , den 20. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av Robert Lamm Kategori:Songar produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-singlar