Christoffer Hannevig () var ein norsk skipper, skipsreiar og stortingsmann frå Borre i Vestfold.
Han var son til ein skipper og skipsreiar, og gjekk sjølv same vegen etter han hadde gått realskule i Horten og teke eksamen ved Drammens sjømannskule. I 1898 kjøpte han storgarden Vestmannrød i Borre, og busette seg der.
Hannevig var varamann til Stortinget perioden 1904-06, og møtte ved nokre høve hausten 1905. Valbolken 1910-12 representerte han Jarlsberg krins og Høgre på Stortinget, medlem av Sosialkomiteen. Både sommaren 1911 og vår/sommar 1912 var han permittert for å ta seg av forretningane sine. Hannevig var ordførar i Borre 1907-10 og samstundes forlikskommissær.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Ordførarar i Borre Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Folk frå Larvik