Tveita er ein gard i Fitjar kommune som ligg på austsida av Storavatnet, på ei smal stripe mellom vatnet i vest og Tveitafjellet i aust. I sør ligg garden Årbø og i nord ligg garden Vik

Historie Garden er truleg opprydda frå Vik og er ikkje særs gammal, men truleg eldre enn Årbø. Namnet kjem av tveit, som tyder eit bøstykke som ligg noko for seg sjølv.

Kjelder

Årbø på norgeskart.no

Kategori:Gardar på Fitjar