Juha Petri Sipilä () er ein finsk politikar og næringslivsleiar, fødd i Veteli i Mellersta Österbotten. Han var frå 29. mai 2015 til 6. juni 2019 statsminister i Finland.
Sipilä vart vald inn i Riksdagen for Centern i 2011, og tok over som partileiar i juni 2012. Etter å ha leia partiet til valsiger våren 2015, tok han over statsministerposten som leiar av ei koalisjonsregjering beståande av tre sentrum/høgre-parti. Våren 2019 varsla han at regjeringa ville gå av, då den ikkje hadde lukkast endre helsetenestene i landet. Samstundes trekte han seg som leiar av Centern.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Juha Sipilä» frå , den 27. oktober 2015.
Kategori:Statsministrar i Finland Kategori:Finske politikarar