Chicago XIV er det tolvte studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1980. Det vart spelt inn på ei tid då det var dalande interesse for bandet og Chicago XIV er eit av Chicago-albuma som har selt dårlegast og var ein kommersiell flopp. Det er òg det siste studioalbumet deira for Columbia Records.

Bakgrunn Etter det skuffande Chicago 13, og gitaristen Donnie Dacus slutta, meinte Chicago det var på tide med ein ny strategi. I staden for å tilsetje ein ny gitarist i bandet, leigde dei inn Chris Pinnick som studio- og turnémusikar. Dei prøvde seg òg med ein ny produsent, Tom Dowd, som hadde arbeidd med Aretha Franklin, Cream, Eric Clapton og Toto. Chicago gav seg med discostilen og med Dowd i styringa vart albumet ei enkel, meir straumlinjeforma plate, som fekk namnet Chicago XIV. Det kan ha vore eit svar til den underproduserte new wave-stilen på radio på denne tida og albumet var det minst orkestrerte til no av bandet. Det var likevel ikkje det perfekte samarbeidet og Dowd måtte leie ei gruppe der medlemmane ikkje heilt var på same bølgjelengd.

Utgjeving Peter Cetera tok no ei enno større rolle i bandet og komposisjonane hans var ei blanding av balladar og pop- og rockesongar. Robert Lamm bidrog med rockelåtane «Manipulation» og «I'd Rather Be Rich» (ein song frå 1975) og James Pankow bidrog med den livlege «The American Dream». Som Chicago 13 før, selde Chicago XIV dårleg. Det var klårt at imaget til Chicago var ute av stil i 1980.

Det vart dårleg marknadsført av Columbia Records, eit selskap som i aukande grad skuffa Chicago, og Chicago XIV selde dårleg. Det nådde berre 71. plassen i USA. Det var ingen hitsinglar igjen og «Thunder and Lightning» hamna like under topp 50 på singellista, medan «Song For You» ikkje gjekk inn på lista i det heile. Chicago opplevde òg dårleg sal på konsertane sine under turneen som følgde. Då dei forstod at forholdet deira hadde surna kraftig, enda Columbia Records kontrakten med Chicago. I 1982 fortalte Robert Lamm,

Som eit ledd i å få enda avtalen tidleg, gav Columbia ut det andre samlealbumet til bandet på selskapet. Pengane dei fekk frå avtalen vart nytta til å spele inn Chicago 16 på eiga hand, medan bandet leita etter eit nytt selskap. Perkusjonisten Laudir de Oliveira, som hadde vore med Chicago sidan 1973, valde å prøve seg på andre ting og slutta i bandet i 1981. Peter Cetera gav samstundes ut det første soloalbumet sitt i denne pausen.

I 2003 vart Chicago XIV remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med tre unytta opptak frå innspelingane, «Doin' Business» (som først kom ut på samlinga Group Portrait i 1991), «Live It Up» og «Soldier of Fortune» som bonusspor.

Innhald

Medverkande

Bandet Peter Cetera – bass, solovokal (spor 2-8,10), korvokal, solovokal på «Live It Up» Laudir de Oliveira – perkusjon Robert Lamm – klaverinstrument, solovokal (spor 1,2,8,9), korvokal, solovokal på «Doin Business» og «Soldier of Fortune» Lee Loughnane – trompet, korvokal James Pankow – trombone, korvokal, blåsararrangement Walter Parazaider – treblåseinstrument Danny Seraphine – trommer

Andre medverkande Chris Pinnick – gitar Mark Goldenberg – gitar David «Hawk» Wolinski – klaverinstrument Ian Underwood – synthesizerprogrammering

Produksjon Produsert av Tom Dowd Produksjonskoordinering – Schatzi Hagerman Lydteknikar og miksing av Michael Carnevale Assisterande lydteknikarar – Karat Faye, Bill Freesh and Ricky Delena Mastra av Bernie Grundman Design – John Berg Plateomslag – Gerry Huerta

Lister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1980Pop Album71

Singlar - Billboard (Nord-Amerika) ÅrSingleListePlassering1980Thunder and LightningPop Singles56

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago XIV» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Columbia Records-album