«You're the Inspiration» er ein song skriven av Peter Cetera og David Foster for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago 17 (1984), med Cetera på solovokal. Det var den tredje singelen frå albumet deira og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i januar 1985 og klatra til topps på adult contemporary-lista same månaden. Peter Cetera spelte inn songen på ny i 1997 for soloalbumet You're the Inspiration: A Collection.

Historie Peter Cetera sa i 2004 at «You're the Inspiration» starta som ein song for Kenny Rogers. «David Foster ringde meg og sa ‘Eg er i studio med Kenny Rogers, og han spør om du kan skrive ein song til han. Og eg sa ‘Flott!. Eg er på veg til Italia no. Eg ringer deg om to veker når eg kjem att.’ Og han seier, ‘Nei, nei, nein han meiner, akkurat no.’ Og eg sa ‘Greit, kom over her no og så ser me kva me kan finne på.’ Så midt i pakkinga kom David heim til meg og i løpet av tre timar kom me opp med akkordstrukturen for “You’re the Inspiration,” som ikkje hadde fått namn enno. Då eg var i Italia fekk eg inspirasjon til å skrive teksten og då eg kom attende arbeidde eg med melodien og presenterte songen for Kenny. Han ønskte ikkje eller hadde ikkje tid til songen. Bra for meg!» Han endra så noko av teksten og spelte inn songen med Chicago for Chicago 17.

Musikkvideo I videoen kan ein sjå bandet som spelar innimellom par i forskjellige aldrar som klemmer kvarandre.

Lister Liste (1984/1985)PlasseringU.S. Billboard Hot 1003U.S. Billboard Adult Contemporary1Nederland32New Zealand30Sverige6UK Singles Chart14

Peter Cetera med Az Yet

Lister

Liste (1997)PlasseringU.S. Billboard Hot 10077U.S. Billboard Adult Contemporary29Dutch Top 4072

Andre innspelingar Elkie Brooks i 1989 på albumet Inspiration. David Foster som ein instrumental pianoversjon i 1991 på Rechordings. Stevie Brock i 2003. Julian Miranda i 2006 for Nintendo DS-spelet Elite Beat Agents. CC & Lee i 2009 på albumet Gåva till dig. L.U.S.T. i 2009 Jon Alkalay i 2014

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You're the Inspiration» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av David Foster Kategori:Songar skrivne av Peter Cetera Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Rockeballadar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar produserte av David Foster Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Full Moon Records-singlar