Nordland Mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Nordland. Fylkeslaget ligg for tida nede.

I 2023 hadde Noregs Mållag 121 medlemmar i Nordland.

Historie

Før 1925 Før 1925 var det ikkje noko fylkeslag i Noregs Mållag som dekte Nordland fylke.

1925-1938: Hålogaland mållag Hålogaland mållag blei skipa i Sandnessjøen i 1925 og meldte seg inn i Noregs Mållag i 1927.Den 17de mai, torsdag 6. januar 1927, Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927 Odin Benum, som var styrar ved Vefsn folkehøgskole, fekk skipa laget og var leiar.

Hålogalands mållag hadde årsmøte på Tjøtta 26. juni 1927. Det var registrert 7 mållag til årsmøtet. Odin Benum blei attvalt til formann. Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927

Hålogalands mållag hadde stemna og årsmøte på Nesna 9. juni 1929.Nordlands Folkeblad, lørdag 8. juni 1929Nordlands Avis, fredag 14. juni 1929 Til årsmøtet var det registrert 226 medlemmar fordelt på 9 mållag. 30 møtte fram på årsmøtet, og dei fekk bl.a. med seg foredrag av Benum, dosent Bergsgård og lærar Todal. Odin Benum blei attvald til formannNordlands Folkeblad, onsdag 19. juni 1929

31. august 1930 blei det halde årsmøte og stemna i Vefsn med gudsteneste ved domprost Haugsøen, årsmøte på folkehøgskolen, etterfølgt av foredrag av Haugsåen og Øverås. Odin Benum blei attvald som formann.Brønnøysunds Avis, mandag 8. september 1930

På årsmøtet i Korgen i juni 1932 blei Odin Benum attvald til formann.Helgelands Blad, torsdag 30. juni 1932

Søndag 26. august 1934 var det årsmøte på Herøyholmen. Sokneprest Ola Røkke heldt preik, og på ettermiddagen tala lærar Langset og Røkke i ungdomshuset. Om kvelden skipa Herøy mållag til fest med spelstykke og opplesnad. Odin Benum blei attvald til formann.Helgelands Blad, torsdag 30. august 1934Nordlands Avis, fredag 31. august 1934

I 1937 melde Odin Benum at laget i praksis var lagt ned.Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 249 13. juni 1938 døydde Odin Benum.Norsk Tidend, torsdag 23. juni 1938Helgeland Arbeiderblad, fredag 17. juni 1938

Hålogaland målkontor blei skipa i 1921, og styraren heldt først til i Trondenes herad (1921-1929), deretter i Tromsø (1929-1935), for så å ende i Trondenes (1935-1940). Det var Troms Fylkesmållag og Troms ungdomsfylking som stod bak målkontoret, men etter kvart kom også Lofoten og Vesterålen ungdomslag med i styringa.Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 250ff Målkontoret hadde også Nordland som arbeidsfelt.Nordlands Avis, søndag 9. april 1933

1948-1957: Nordland FylkesmållagBull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-282 Nordland Fylkesmållag blei skipa 13. juni 1948 . Det skulle femne om heile Nordland, og Ivar Strompdal blei vald til formann,Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. november 1948 som han var fram til 1952.Årbok for Helgeland. 1998/99, side 105

Årsmeldinga som blei lagt fram på årsmøtet i Sandnessjøen laurdag 16. juli 1954 viste at laget hadde arbeidd for å få meir nynorsk i presse og kringkasting. Årsmøtet vedtok ei fråsegn til departementet der dei bad om at det måtte bli sett i verk tiltak for å gjennomføre måljamstellinga når det gjaldt lærebøker ved skolane.Helgelands Blad, mandag 19. juli 1954 "Nordland fylkesmållag"

I 1955 sendte fylkesmållaget lektor Olav Sunnanå frå Nesna, som utsending til landsmøtet i Noregs Mållag.Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. juni 1955

På årsmøtet 18. mai 1957 blei det vedtatt å dele fylkeslaget i to: Helgeland Mållag og Nordre Nordland Mållag.Norsk Tidend, lørdag 15. juni 1957

1957-1966: Forsøk på todelt fylkeslagBull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 Helgeland Mållag blei skipa 26. mai 1958 på eit møte i Mosjøen, og Mathias Sellæg Moe, Nesna, blei vald til formann. På skipingstidspunktet ser det ut til å ha vore berre tre mållag i drift: Nesna mållag, Tjøtta mållag og Vefsn og Mosjøen mållag.Brev av 13. juli 1958 frå Helgeland Fylkesmållag, Mathias Sellæg Moe, til Noregs Mållag (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag) Fylkeslaget for søre Nordland var i drift fram til november 1963, då leiaren meldte at verken han eller den førre leiaren ønskte å halde fram. "Det er mogleg at fylkesmållaget kan skipast opp att, men da må det bli med yngre krefter."Brev 2.11.1963 frå Erling Lyftingsmo til Noregs Mållag; NM-arkivet; Riksarkivet

Nordre Nordland Mållag blei skipa 18. mai 1957 i Bodø. Området for laget skulle vere nordre delen av Nordland nordom Saltfjellet. Første formannen var Kåre Breivik, Bodø. Ved oppstarten hadde laget 80 medlemmar i seks medlemslag: Bøstad Målring, Sortland Mållag, Hadsel Mållag, Bodø og omland Mållag, Narvik og omland Mållag og Bjørnskinn Mållag."Årsmelding 1957 frå Nordre Nordland [fylkeslag]." (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag). Nordre Nordland Mållag endra namn til Nordland Mållag på årsmøtet sitt i 1967."Årsmelding 1967 for Nordland Mållag". (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag).

1967-1999: Nordland mållagBull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 282-285 Nordland mållag var eit direkte framhald av Nordre Nordland Mållag. Namnebytet blei gjort på årsmøtet i 1967. Tanken var at laget skulle femne om heile Nordland, men i praksis blei dette eit fylkeslag for Nordre Nordland. Lokallaga i sørfylket var direkte innmeldte i Noregs Mållag.Vefsn og Hattfjelldal var t.d. direkte medlemmar i 1993 (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 63, med oversyn for åra 1993-2001)

Fylkeslaget arbeidde aktivt på mange område fram til 1990-talet. Det blei halde årsmøte 23. mai 1987, men leiaren flytta sommaren 1987, og fylkeslaget blei liggande nede. Det blei ikkje halde nytt årsmøte før i 1991. Så gjekk det igjen ei god tid før neste årsmøte. Siste registrerte årsmøte i Nordland mållag er i 1997, men juni 1999 blei i praksis fylkeslaget lagt ned.Tone Magnussen gav 24.6.1999 melding til Noregs Mållag at ho måtte trekke seg som leiar i Nordland mållag; NM-arkivet; Riksarkivet"Nordland Mållag ligg framleis nede slik det har gjort i mange år." (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 26)

Nokre viktige fråsegner og arbeid:

"Fylkesmållaga takkar Hålogaland Teater" (1974)Tromsø, onsdag 23. oktober 1974 "Nordland mållag krev meir bruk av dialekt og nynorsk i lokalradioen" (årsmøte 1976)Nye Troms, torsdag 8. juli 1976 Taleform ved regionteateret (1978)Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 21. mars 1978 "Skolen må få si undervisning bygd på nordnorsk talemål" (1978)Nordlands Framtid, fredag 24. november 1978 Meir dialekt inn i skolestua (1985)Nordlandsposten, tirsdag 19. februar 1985 Begynnaropplæring på dialekt (1985)Lofotposten, fredag 1. mars 1985 "Bro"-namn i NAFs veibokHelgeland Arbeiderblad, tirsdag 4. juni 1985 Kartverket ei privatsak eller ei offentleg oppgåve? (1985)Lofotposten, mandag 24. juni 1985 Lagsvitjing i Vefsn (1986)Helgeland Arbeiderblad, lørdag 26. april 1986 Dialektpris for Nordland (1986)Rana Blad, tirsdag 13. mai 1986 Årsmøte 1991Nordlandsposten, torsdag 20. juni 1991 Hans Lind-pris til Ragnfrid Trohaug (1991)Nordlands Framtid, torsdag 28. november 1991

Leiarar

Hålogaland mållag (1925-38):

1925-1938: Odin Benum, VefsnNordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-NoregNordlands Avis, fredag 8. juli 1927Helgelands Blad, torsdag 13. juni 1929

Nordland Fylkesmållag (1947-1957):

1948-1952: Ivar Strompdal 1952-56: Ole Løkås, LeirfjordÅrsmeldingar frå Nordland Fylkesmållag 1952-53, 1954, 1955 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)

Helgeland Mållag 1958-1962

1958-1962: Mathias Sellæg Moe, NesnaÅrsmelding for Helgeland Fylkesmållag 1961, NM-arkivet; Riksarkivet 1962-1963: Erling Lyftingsmo, Mosjøen

Nordre Nordland Mållag (1957-1967)Årsmeldingar frå Nordland mållag 1967-1978 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag) 1957-: Kåre Breivik, BodøNordlands Framtid, lørdag 11. oktober 1958 1962-1967: Arne Angell, Sortland

Nordland mållag (1967-1999)

1967-1974: Arne Angell, Sortland 1976-1977: Finn Myrvang, Bø 1978: Jahn-Arill SkogholtFremover, tirsdag 21. mars 1978 1985-1987 (1991): Magne Heide, MelbuNordlands Framtid, onsdag 20. februar 1985Fremover, mandag 12. mai 1986Heide blei vald til leiar på årsmøte 23. mai 1987, han flytta i august 1987, men administrerte fylkeslaget til 1991. Kjelde: "Årsmelding for Nordland mållag 22. mai 1987 - 1. mai 1991" 1991-?: Liv Ingebrigtsen, LurøyRana Blad, torsdag 20. juni 1991Helgelands Blad, lørdag 22. juni 1991Liv Ingebrigtsen blei i 1992 tilsett som kultursjef i Ballangen, sjå Fremover, torsdag 14. mai 1992 1995?-1997: Kjellrunn Trohaug, Bodø"Nordland mållag. Årsrapport 1996 v/leiar Kjellrunn Krist. Trohaug" 1997-1999: Tone Magnussen, Bodø"Referat frå årsmøte i Nordland mållag i Bodø 5. april 1997"

Medlemslag og lokale mållag Desse lokale mållag i Nordland står tilslutta Noregs Mållag:"Noregs Mållag: Årsmelding 2018-2020", side 73

Vefsn mållag Salten mållag Nesna mållag - skipa 30. januar 2025 Noregs Mållag: “Nytt mållag på Nesna”; nm.no Lofoten og Vesterålen mållag – skipa 24. mars 2026 Noregs Mållag: "Knallstart for Lofoten og Vesterålen mållag"; nm.no

Lokale mållag i Nordland før 1945Dersom ikkje anna er oppgitt, så er kjelda: Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 Vefsn og Mosjøen mållag blei skipa i 1898 og er framleis i verksemd. Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag blei skipa i 1902 og var i verksemd til 1930-åra.Kjell Jacobsen: Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren : Vefsnbygdene ca. 1900-1945. Vefsn bygdebok bind 3 Mo Mållag blei skipa i mars 1906 med rundt 30 medlemmar.Nordlands Folkeblad, mandag 19. mars 1906 I juni 1911 heldt O. Benum foredrag om «Norsk Bondekultur»,Helgeland, lørdag 24. juni 1911 og 3. september 1911 preika pastor Haugsøen i kyrkja og heldt deretter foredrag i mållaget.Helgeland, lørdag 24. juni 1911 På årsmøtet 16. august 1912 heldt Halfdan Asphaug foredrag om Våre store mennDunderlandsdølen, torsdag 15. august 1912. Årsmøtet i 1913 var grundig kunngjortRanens Folkeblad, onsdag 26. november 1913, men det var likevel dårleg oppmøte.Ranens Folkeblad, onsdag 3. desember 1913 Laget heldt julefest i januar 1914Ranens Folkeblad, lørdag 3. januar 1914 med rundt 120 selde billettar.Ranens Folkeblad, onsdag 7. januar 1914 Frammøtet til julefesten i 1915 var ikkje så godt. «Det var ikkje nett noko høvelegt ver for dei som har lange vegar. Sterk storm.»Ranens Folkeblad, onsdag 6. januar 1915 Laget blei lagt ned før 1925. Formann var i lengre tid Theodor Scheflo.Nordlands Avis, torsdag 24. desember 1914: Nytt styr i Mo mållagRana Blad, lørdag 24. februar 2001 Skonseng mållag blei skipa i 1908 og oppattskipa i 1926 med lærar Dahlberg som formann.Dunderlandsdølen, onsdag 24. februar 1926Nordlands Avis, tirsdag 2. mars 1926 Laget endra namn til Mo og Nord-Rana Mållag i 1928.Årsmelding 1928 for Mo- og Nord-Rana mållag: "Skipa 1926, leiar P. Dahlberg, Skonseng" (Kjelde: NM-arkivet) Laurdag 26. oktober 1929 heldt laget ein fest med foredrag på Skonseng Helgeland, onsdag 23. oktober 1929 På årsmøtet i desember 1929 blei lærar Dahlberg attvalt som formann. Laget hadde då ei bunadsnemnd og ei leiknemnd og eit eige handskrive bladDunderlandsdølen, torsdag 12. desember 1929Nordlands Avis, tirsdag 10. desember 1929 Etter årsmøtet i 1931 høyrer vi ikkje meir til laget.Nordlands Avis, tirsdag 20. januar 1931 Lurøy Mållag blei skipa i 1908 og lagt ned før 1925.