Peter Theodor Broch () var ein norsk jurist og politikar frå Oslo.

Broch arbeidde som journalist frå 1922 og var medarbeidar i «Mot Dag» i tida 1923-30. Han tok juridisk embetseksamen i 1927. Frå 1930 arbeidde han som sakførar i Narvik fram til invasjonen i Noreg i 1940. I åra frå 1934 til 1940 var han ordførar i Narvik. Han var arrestert i 1940 av den tyske okkupasjonsmakta, men rømde og kom seg til USA via Sverige of Sovjetunionen. I Nord-Amerika arbeidde han med å fremje Noregs sak, gav i 1942 ut boka The Mountains Wait (Fjellene venter, 1946). Frå 1942 til -44 var han i England. Major Broch var frå november 1944 til krigsslutt i 1945 med i den norsk militærstaben utplassert i Finnmark.

Hausten 1945 vart Broch vald til stortingsrepresentant for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark. På Stortinget representerte han Arbeidarpartiet og var medlem av kommunalkomiteen. Han trekte seg tilbake etter ein stortingsperiode.

Frå 1949 til 1973 var Broch rådmann i Tønsberg kommune. Sidan arbeidde han som advokat for framandarbeidarar i Oslo. Broch var med på å stifte Norsk-Pakistansk forening, og var formann i foreininga frå starten i 1978 til 1981.

Broch vart tildelt Deltakarmedaljen i 1945 og Order of the British Empire i 1975.

Kjelder

Kategori:Norske juristar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Ordførarar i Narvik Kategori:Ap-ordførarar i Nordland Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Order of the British Empire Kategori:Medlemmar av Mot Dag Kategori:Folk frå Oslo