The Heart of Chicago 1967–1997 er det femte samlealbumet og det 23. albumet i alt av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1997. Det vart sett saman for å feire 30-årsjubileet deira som band.
Ideen var å knyte saman dei to periodane til bandet på ein CD: James William Guercio- og Columbia Records-tida i 1970-åra, og David Foster- og Warner Bros. Records-tida i 1980-åra. I tillegg la bandet til to nye songar, «The Only One» produsert av Lenny Kravitz og «Here In My Heart» av James Newton Howard. Begge songane vart ein suksess på adult contemporary-marknaden, der «Here In My Heart» toppa AC-lista og «The Only One» vart ein topp 20-hit på AC-lista.
Albumet selde til gullplate i april 1997, men mange kritikarar og fans mislikte konseptet og meinte at dei markante stilartane frå dei to periodane ikkje passa i lag, i tillegg til at mange kjende songar mangla. For å balansere dette, vart det gjeve ut eit nytt album, The Heart of Chicago 1967-1998 Volume II, året etter. Rhino Records gav i 2002 ut den doble The Very Best of: Only the Beginning med songane i kronologisk rekkefølgje.
Innhald
Albumet nådde 55. plassen på albumlista i USA, der det låg på lista i 27 veker. Det nådde òg 21. plassen i Storbritannia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Heart of Chicago 1967-1997» frå , den 7. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1997 Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Album produserte av David Foster Kategori:Album produserte av Ron Nevison Kategori:Chicago-album Kategori:Reprise Records-album