Santandersmett (Thryophilus nicefori) er ein fugl i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk for Santander-departementet i Colombia, og er kritisk truga.
Skildring Santandersmetten er ein mellomstor medlem i familien, ca. 15 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta til vaksne fuglar er brun på oversida med lys grå til kvit underside. Andletet har svartkvite striper og han har ei iaugefallande kvit augebrynstripe. Både halen og vengene har svarte tverrstriper. Nebbet er lyst.Kroodsma et al, 2015
Utbreiingsområdet på ca. 4700 km2 ligg rundt San Gil, litt sør for Bucaramanga. Dette er vestskråninga av den austre fjellkjeda av Andes. Her lever santandersmetten frå 800 til 2100 moh., i tørt skogshabitat, helst med tre, mykje lianar og nedfallsblad.
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 og 250 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å minke. Trugsmåla inkludering utviding av jordbruksareal. Arten er klassifisert som kritisk truga.BirdLife International (2015)
Kjelder Kroodsma, D., Brewer, D. & Sharpe, C.J. (2015). Niceforo's Wren (Thryophilus nicefori) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. november 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Thryophilus nicefori . Henta frå http://www.birdlife.org den 8. november 2015 Referansar
Bakgrunnsstoff Bilete på Flickr.com Henta den 8. november 2015
Kategori:Gjerdesmettfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Fuglar i andesregionen