«Wonderful Christmastime» er ein julesong av Paul McCartney frå 1979.
Songen vart gjeven ut på singel, og sidan som bonusspor på 1993-utgåva av Wings-albumet Back to the Egg.Stephen Thomas Erlewhine, «Paul McCartney/Wings Back to the Egg (Bonus spor)", Allmusic (retrieved 30. desember 2012).
Songen vart òg gjeven ut som bonusspor på 2011-utgåva av McCartney II. Songen vart miksa i 5.1 kringlyd for DVD-utgåva av The McCartney Years i 2007.
Historie McCartney spelte inn songen under innspelinga av soloprosjektet McCartney II. Ingen av medlemmane i Wings er med på innspelinga, men dei er med i musikkvideoen.Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium, 44.1 Productions (Chesterfield, MO, 2000; ISBN 0-615-11724-4), s. 251.
«Wonderful Christmastime» vart nytta i animasjonsfilmen Rudolph the Red-Nosed Reindeer: The Movie i 1998.Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium, 44.1 Productions (Chesterfield, MO, 2000; ISBN 0-615-11724-4), s. 254.
Singelen nådde sjetteplassen på singellista i Storbritannia den første veka i januar 1980. Songen nådde ikkje Billboard Hot 100 i USA, men låg to veker på julesonglista i desember 1984 med ein tiandeplass som høgaste plassering. Han nådde òg 29. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary-lista tidleg i januar 1996.
Songen vert ofte spelt på radio i juletider, men somme musikkjournalistar hevdar det er den dårlegaste songen til McCartney skreiv.Craig Outhier, september 2015/music/paul-mccartney-s-worst-songs/ «Paul McCartney's Worst Songs", Phoenix New Times, 25. mars 2010 (retrieved 30. desember 2012).Alan Clayson, Paul McCartney, Sanctuary (London, 2003; ISBN 1-86074-486-9), pp 192–93. Beatles-forfattaren Robert Rodriguez skreiv om «Wonderful Christmastime»: «Elsk han eller hat han, få songar av McCartney har skapt så sterke reaksjonar.»Robert Rodriguez, Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970-1980, Backbeat Books (Milwaukee, WI, 2010; ISBN 978-1-4165-9093-4), s. 191.
Medverkande Paul McCartney - vokal, gitar, bass, klaverinstrument, trommer, perkusjon
Andre versjonar Martin Sheen, John Spencer og Stockard Channing (alle skodespelarar i The West Wing) spelte «Wonderful Christmastime» på NBC Celebrity Christmas-albumet i 2000. Barenaked Ladies spelte ein kort instrumentalversjon av songen i 2004 på albumet Barenaked for the Holidays. Jump5 spelte og remiksa songen i 2002 for julealbumet All the Joy in the World. Earthasuit spelte inn songen for Happy Christmas Vol. 3 i 2000. Hilary Duff spelte inn «Wonderful Christmastime» i 2002 på julealbumet Santa Claus Lane. Tom Mcrae spelte songen for samlealbumet Maybe This Christmas Tree i 2004. Jars of Clay gav ut songen i 2007 på Christmas Songs. Demi Lovato gav ut songen i 2008 for albumet All Wrapped Up. Denne versjonen finst òg på samlealbumet Now That's What I Call Today's Christmas og i trailerar for filmen A Madea Christmas frå 2013. Family Force 5 spelte inn songen i 2009 på julealbumet Family Force 5 Christmas Pageant. Amy Grant spelte inn songen for julespesialen Amy Grant: A Christmas to Remember, som vart send 15. desember 1999 på CBS. Rahsaan Patterson spelte inn songen i 2008 for albumet The Ultimate Gift. Helix spelte inn songen i 2008 for julealbumet A Heavy Mental Christmas. The Venture Bros.-skaparane Jackson Publick og Doc Hammer gav ut ein versjon av songen, framført som rollefigurane 21 og 24, for nettstaden Quick Stop Entertainment i 2008. Kelly Rowland spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet Now That's What I Call Christmas! 4. Chicago spelte inn songen i lag med Dolly Parton på Chicago XXXIII: O Christmas Three som kom i 2011. Eli Young Band spelte inn songen i 2011 for samleplata The Country Christmas Collection. Versjonen deira nådde 33. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista i januar 2012. The Shins spelte inn songen for Starbucks-albumet Holidays Rule i 2012. Eleventyseven spelte inn songen i synthpop-stil i 2012 for EPen Regifted. Paul McCartney spelte inn songen på ny i 2013 med acappellagrupa Straight No Chaser for EPen deira, Under the Influence: Holiday Edition
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wonderful Christmastime» frå , den 10. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Sold on Song (BBC Radio 2)
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Julesongar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Tom McRae-songar Kategori:Chicago-songar Kategori:Silje Nergaard-songar Kategori:Amy Grant-songar