Whatever Happened to Benny Santini? er debutalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1978.

Den første singelen frå albumet, «Fool (If You Think It's Over)», er den største hitten hans i USA og singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av Adult Contemporary-lista. I motsetnad til mange av dei andre singlane til Rea, vart ikkje «Fool...» noko stor hit i Storbritannia, men nådde etter kvart 30. plassen då singelen vart gjeven ut på ny seinare i 1978.

Tittelen på albumet syner til namnet plateselskapet til Rea i Storbritannia, Magnet, ønskte at Rea skulle bruke som artistnamn for å kunne selje plater.

Whatever Happened to Benny Santini? vart produsert av Gus Dudgeon, som kanskje er mest kjend som produsent for Elton John i 1970-åra. Rea var misnøgd med den endelege miksen av albumet, og spelte mellom anna inn «Fool...» på nytt for samlealbumet New Light Through Old Windows. Dudgeon produserte òg det neste albumet til Rea, Deltics.

Innhald

Medverkande

Chris Rea - vokal, gitar, klaverinstrument, synthesizer Robert Ahwai - gitar Eddie Guy - gitar Paul Keogh - gitar Phil Curtis - bass Pat Donaldson - bass Dave Markee - bass Eoghan O'Neill - bass Rod Argent - klaverinstrument, elektrisk piano Kevin Leach - klaverinstrument Max Middleton - klaverinstrument Pete Wingfield - klaverinstrument, piano Steve Gregory - saksofon Dave Mattacks - trommer Norman Nosebait - trommer Adrian Rea - trommer Martin Ditcham - perkusjon Gus Dudgeon - perkusjon, tamburin, produsent Frank Ricotti - perkusjon, conga, tabla George Woodhead - perkusjon Doreen Chanter - korvokal Irene Chanter - korvokal Stuart Epps - korvokal

Singlar «Fool (If You Think It's Over)» med «Midnight Love» «Whatever Happened to Benny Santini?» med «Three Angels»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Whatever Happened to Benny Santini?» frå , den 12. november 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1978 Kategori:Chris Rea-album Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:Magnet Records-album Kategori:United Artists Records-album