Olav Eysteinson Fjærli () var ein norsk jordbruksmann og stortingsrepresentant for Venstre, fødd i Valsøyfjord.

Bondesonen Fjærli dreiv gard i heimbygda frå han var 18 år gammal og i seks år framover. Etter tre års studiar gjekk han ut frå Noregs Landbrukshøgskule i 1910, og var dei neste fem åra jordbrukslærar. Frå 1916 til 1930 var han fylkesagronom i Møre fylke. Sidan 1930 var han styrar for Statens Småbrukslærarskule på Hvalstad i Asker. Han var gjennom mange år ein flittig bidragsytar i dagspressa om både jordbruk og politikk.

Frå 1919 til 1933 var Fjærli stortingsrepresentant frå Møre. I den fyrste treårsperioden representerte han einmannskrinsen Romsdal, med plass i næringskomite nr 2. Dei neste tre valperiodane var han med i landbrukskomiteen, siste perioden som sekretær. Siste tingperioden, 1931-33, var han sekretær i skog- og vassdragskomiteen. I alle år på Stortinget var han medlem av partiet Venstre. Utanom stortingsvervet var han formann i Romsdals Landmannslag 1919-30, i Romsdals Sals- og kjøpelag 1919-24, samt styreformann i Landbruksfunksjonærenes Landsforbund frå 1922.

Han vart gravlagd i Molde.

Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske agronomar Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Folk frå Halsa Kategori:Venstrepolitikarar i Møre og Romsdal