Anders Skåsheim () var ein norsk bankmann og forfattar av bøker og artiklar.

Han var fødd i Balestrand kommune i Sogn.Bjørkum og Bondevik, 1978, s. 394 Skåsheim gjekk på Treiders Handelsskule i Oslo, og fekk der utdanning innan rekneskap, økonomi og marknadsføring. Han fekk seg jobb i Bergen Notforretning og arbeidde fleire år som handelsreisande. Han var med som sekretær i den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen frå oppstarten i 1914 og fram til 1920. Anders Skåsheim var sekretær, kontorsjef og soussjef i Vestlandsbanken i Bergen i perioden 1926-1950.

Skåsheim ivra for målsaka og han hadde ein sentral plass i Vestmannalaget i Bergen og han vart utnemnd til æresmedlem. Skåsheim var med å skipa Sogn Mållag, og var den første formann der. Han vart også utnemnd til æresmedlem i Sogn Mållag.

Skåsheim var initiativtakar til skipinga av Historielaget for Sogn.Heiberg, 1944, s. 68

I 1950 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.Det Norske Kongehus, 2015

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval

Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Oversyn om arkivmateriale etter Anders Skåsheim, og artiklar etter opplysingar frå Skåsheim ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Skåsheim, Anders i Norsk alkunnebok, band 10, side 17, 1964 Vik gamle prestegård åpnet. Anders Skårheim tala ved feiringa av 40-årsjubileet til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Vik prestegard vart flytta til museet. Frå Fylkestidende for Sogn og Fjordane 8.6.1949 Om Anders Skåsheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Forfattarar frå Balestrand Kategori:Folk frå Balestrand Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Målfolk