PasientSky (Patientsky AS) er eit norskeigd aksjeselskap som leverar utvikling, sal og drift av programvare, maskiner, varer og tenester til helsesektoren. Selskapet blei skipa 14.april 2014, og vart registrert i enhetsregisteret 22.mai 2014 ifølgje Brønnøysundregistra.Brønnøysundregistrene PatientSky AS har kontor i Oslo og Sandane.
PatientSky AS er for publikum kjent som PasientSky – ein plattform for bestilling av timar, reseptar, video-konsultasjonar og e-konsultasjonar på nett. PasientSky krev innlogging på trygt vis via BankID eller Buypass.
Driftsleverandør og databehandlar for PasientSky er PatientSky Hosting AS.PatientSky Hosting AS Dagleg leiar i PatientSky AS per august 2019 er Jesper Melin. Største aksjonær er Melin Holding AS.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Pasientsky
Kategori:Norske nettstader Kategori:Helse Kategori:Skipingar i 2014