Vidar Sveinung Kleppe () er ein norsk politikar som var ein sentral politikar for Framstegspartiet fram til 2001. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder 1989–1993 og 1997–2001 og 2. nestformann i Framstegspartiet 1995–1999. Han vart i 2001 suspendert frå Framstegspartiet etter å ha vorte skulda av Carl I. Hagen for å vera ein «edderkopp», og melde seg då ut. Han var leiar for Demokratane frå 2002 til 2012. Han er no medlem av Vest-Agder fylkesting og Kristiansand bystyre.

Kleppe er busett i Vågsbygd i Kristiansand kommune.

Liv og virke Bakgrunn Kleppe er utdanna mekanikar ved Maskin- og mekanikarskule i 1981.

Han reiste i utanriks sjøfart 1981–1982, og var deretter industriarbeid i Kristiansand 1982–1987. Han var sjølvstendig næringsdrivande 1987–1989. Han var tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Politisk karriere Kleppe starta den politiske karrieren sin på 1980-talet då han var medlem av Kristiansand formannskap og bystyre i periodane 1987–1991, 1995–1997 og 2003–2007. Han var medlem av Vest-Agder fylkesting 1995–1997 og 2003–2011. Han byrja sin rikspolitiske karriere då han vart innvald på Stortinget i 1989. Han markerte seg på 1990-talet som ein restriktiv innvandringspolitikar både i Frp og i norsk politikk.

Kleppe vart suspendert frå Frp i mars 2001. Carl I. Hagen var overtydd om at Kleppe hadde ambisjonar om å verta etterfølgjaren hans. Han melde likevel seg ut av partiet same år. Etter ein snartur innom Det Liberale Folkepartiet stifta han i 2002 partiet Demokratane, som han var leiar for i perioden mellom 2002 og 2012.

Kleppe var ein av Stortingets mest markante politikarar på 1990-talet. Han var hovedarkitekten bak at Stortinget vedtok lik krigsinvalidepensjon, uavhengig av om den pensjonerte hadde vore dekksgutt eller kaptein i krigsåra 1939–1945. Kleppes framlegg om fangeerstatning (100 000 kroner) til norske fangar i japansk-kontrollerte område under den andre verdskrigen, fekk full tilslutting av Stortinget.

Vidar Kleppe er son av direktøren Erling Kleppe (1941–1989) og husmora Harriet Kleppe (fødd Uthaug: 1944–2018). Kleppe er gift med Elin Dyrstad Kleppe og har tre born.

Stortingsperiodar Representant nr. 4 for Vest-Agder 1989–1993, Framstegspartiet. Representant nr. 3 for Vest-Agder 1997–2001, Framstegspartiet, uavhengig frå 17. mars 2001.

Medlemskap i presidentskapet 1989–1993: sekretær i Lagtinget frå 10. oktober 1989.

Medlemskap i stortingskomitear 1989–1993: medlem Justiskomiteen frå 23. oktober 1989. 1997–2001: medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen frå 21. oktober 1997. 1997–2001: varamedlem Den utvida utenrikskomité frå 21. oktober 1997.

Medlemskap i delegasjonar 1997–2001: varamedlem i Konsultasjonsorganet for EØS-sakar i EØS-utvalet frå 4. november 1997.

Medlemskap i gruppestyre 1989–1993: varamedlem i Framstegspartiets gruppestyre frå 1. oktober 1992.

Utdanning og yrke Maskin- og mekanikarskule 1980–1981. Utanriks sjøfart 1981–1982. Industriarbeid i Kristiansand 1982–1987. Næringsdrivande 1987–1989. Tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Kommunal- og fylkespolitisk aktivitet Kommunalpolitisk aktivitet: Medlem Kristiansand formannskap (1987–1991), (1995–1997) og (2003–2007). Medlem Kristiansand bystyre (1987–2015). Leiar av Kontrollutvalet i Kristiansand (2011–2015).

Fylkespolitisk aktivitet: Medlem Vest-Agder fylkesting (1993–1997), (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015). Leiar av Kontrollutvalet i Vest-Agder (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015). Leiar av Lister Brukarutval i Vest-Agder (2010–2011). Medlem av Fylkeseldrerådet i Vest-Agder (2007–2015).

Offentlege verv Styremedlem i Kristiansand elektrisitetsverk 1985–1989 og nestleiar 1995–1997. Medlem i Fiskerinemnda i Kristiansand 1987–1989. Medlem av Overligningsnemnda i Kristiansand 1987–1989. Styremedlem i styret for Vest-Agder sentralsjukehus 1987–1989. Medlem i Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske styresmakter 1995–1997.

Tillitsverv i parti Styremedlem i Kristiansand FpU 1982–1988. Ei rekkje tillitsverv FpU på lokal- og fylkesplan 1982–1989. Medlem Frps landsstyre 1989–1999. Medlem Frps sentralstyre 1993–1999. 2. nestformann Framstegspartiet 1995–1999. Leiar for Demokratane 2002–2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vidar Kleppe» frå , den 18. desember 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Politikarar frå Demokratane