Liv Tomter () var ein norsk småbrukar og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet.

Bakgrunn Tomter vart fødd i Hakadal i Akershus, som dotter av læraren Andreas Haugen og Anna Ellevine Kopperud. Etter skulegang på Lier fylkesskole i 1919, gjekk ho vidare på husmorskolen i Buskerud, og deretter på M. Schønbergs lærerinneskole i husstell i Oslo. Frå 1922 til 1925 arbeidde ho som husstellærer i Vestre Slidre, før ho tok eit lærerinnekurs ved Industriskulen i Oslo i 1926, og deretter arbeidde to år som lærer i husstell og handarbeid ved ein privat husmorskole i Ringerike. I 1928 flytta ho til Nes kommune, der ho saman med mannen sin dreiv opp ein husmannsplass til eit gardsbruk, samstundes som ho deltok aktivt i lokalpolitikken for Arbeidarpartiet.

Politikk I 1928 vart Tomter med i styret i Årnes arbeiderkvinnelag, der ho vart formann i 1935. I 1935 vart ho òg formann for Nes husmorskole og Husstellnemnda i Nes, og dessutan varaformann for Nes pleiehjem.

Etter andre verdskrig kom Tomter med i rikspolitikken, då ho vart vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiets 1. vararepresant frå Akershus. Då Trygve Lie vart oppnemnt som SNs generalsekretær 1. februar 1946, rykte Tomter opp som fast representant. Ho vart attvald i fire påfølgjande periodar, og sat til saman på Stortinget i 20 år. Heile tida var ho medlem av Landbrukskomiteen, og skal ha vore ein god talskvinne for likestillinga til jordbruket og andre næringar. Spesielt kjend vart ho for den store innsatsen sin for å løyse vassforsyningsproblema på bygdene. I 1946 starta ho arbeidt med å leia ein komite som arbeidde med å løysa problema, og det var ikkje minst innsatsen hennar som bidrog til at tusenvis av heimar på bygdene fekk innlagt vatn.

Liv Tomter døydde i 1978, og vart gravlagt på Årnes.Søk etter « Liv Tomter» hos DIS-Norge.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liv Tomter» frå , den 19. desember 2015.

Kategori:Lokalpolitikarar i Nes Kategori:Folk frå Nittedal Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap