Karen Sogn () var ein norsk Høgre-politikar. Ho representerte Vestfold på Stortinget frå 1977 til 1985.

Liv og virke Karen Sogn var dotter av sagbrukssjef og disponent Hans Thaugland (1896-1972) og husmor Bertha Østby (1891-1972). Ho arbeidde etter examen artium og sekretærkurs i eit familieføretak, før ho flytta til Lardal i byrjinga av 1960-åra. Ho var gift med bonde Gunnar Sogn og arbeidde i mange år som bondekvinne på gardsbruket deira i Lardal.

Sogn var varaordfører i Lardal i perioden 1975–1977 og var innvald i Lardals kommunestyre i tre periodar (frå 1967 til 1979). Ho var vararepresentant for Høgre på Stortinget i perioden 1973–1977, og deretter fast representant til 1985.

Etter tida på Stortingen var ho blant anna nestleiar i Vaksenopplæringsrådet, styremedlem i Noregs landsbruksvitenskapelige forskningsråd og Fylkeslandbruksstyret i Vestfold, og var menighetstsrådsleiar i Svarstad og leiar for Kyrkjeleg fellesråd i Lardal.

Stortingskomitéar 1981–1985 medlem i Landbrukskomitéen 1981–1985] medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1981–1985 varamedlem i Valkomitéen 1977–1981 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen

Delegasjonar 1983–1985 Vararepresentant i SNs Generalforsamling 1981–1985 Medlem i Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentariske forsamling

Andre offentlege verv Medlem, Ungdoms- og idrettsnemnda, Lardal (1967–1979) Varaformann, Kulturstyret, Lardal (1975–1977) Medlem, Menighetsrådet, Lardal (1975–1977) (representanten til formannskapet) Medlem, Forliksrådet, Lardal (1976–1979) Medlem, Utval til å vurdera problem med innhaldet til skulen (1979–1982) Medlem, Styret for Norsk voksenpedagogisk institutt (1984–1991) Nestleiar, Voksenopplæringsrådet (1985–1991) Medlem, Styret for Noregs landbruksvitenskapelige forskningsråd (1986–1992) Varamedlem, Rådet for Utbyggingsfondet til distrikta (1986–1991) Leiar, Hovudutvalet for kultur, Lardal (1987–1991) Nestleiar, Fylkeslandbruksstyret i Vestfold (1991–1995) Leiar, Svarstad menighetsråd (1993–2005) Leiar, Kyrkjeleg Fellesråd, Lardal (1997–2005)

Tillitsverv i parti Medlem, Styret for Lardal Høgre (1967–1991) Medlem, Styret for Vestfold Høgre (1974–1985) Formann, Vestfold Høgrekvinner (1974–1977) Medlem, Vestfold Høgres politiske utval (1974–1985) Gruppeføre, Høgres kommunestyregruppe i Lardal (1975–1977)

Tillitsverv i organisasjonar Medlem, Styret i Svarstad bondekvinnelag (1965–1973) Medlem, Styret i Vestfold husflidslag (1972–1976)

Andre administrative verv Medlem, Styret for Sparebanken NOR, region Vestfold (1986–1998) Medlem, Representantskapet for Samuel Montagu A/S (1990–1992)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karen Sogn» frå , den 19. desember 2015.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Lardal Kategori:Høgrepolitikarar i Vestfold Kategori:Folk frå Oslo