Ulrich Beck () var ein tysk sosiolog, fødd i Stolp i dagens Polen og død i München. Han vart vide kjend for verket Risikogesellschaft. Auf dem Weg in eine andere Moderne, ei bok som vart publisert i 1986 og er omsett til 35 språk. Her skildra han mellom anna avtradisjonaliseringa av livsformene i industrisamfunnet og avstandardiseringa av lønsarbeidet samt nye og individualiserte livssituasjonar og livsmønster. Beck kritiserte sosiologien for å nytte seg av synsvinklar låste til nasjonalstatlege tilhøve og terminologiar. Dei teknisk-økonomiske framstega oppnådd i industrisamfunnet, som til dømes bruken av atomkraft, fann han hadde utilsikta biverknader på overnasjonalt og globalt nivå. Fylgjene av grenseoverskridande miljøproblem og globalisering spela ei viktig rolle for Beck når han utvikla sine samfunnsteoriar.

Risiko og frihet, ei bok basert på tekstar frå fleire av Becks verk, kom på norsk bokmål i 1997.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ulrich Beck» frå , den 31. desember 2015.

Kategori:Tyske sosiologar