Rama er eit chibchansk språk som vert snakka av rama-folket på øya Rama Cay og sør for Bluefields ved atlanterhavskysten i Nicaragua. Tidlegare vart det òg snakka i Costa Rica. Språket er sterkt utrydningstrua. Det hadde totalt 36 brukarar i 1992, av dei fire på Rama Cay.Craig, Colette (1992). Rama er eitt av dei nordlegaste chibchanske språka. Det nærast beslekta nolevande språket er maleku.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rama (språk)» frå , den 31. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Turkulka – ordbok på nett, med lærebøker og annan informasjon om språket Rama språkprosjekt av Colette Grinevald
Kategori:Chibchanske språk Kategori:Språk i Nicaragua Kategori:Einskildspråk