Akan er eit niger-kongospråk som vert tala i Ghana og Elfenbeinskysten. Akan er eit avgrensa tonespråk. Det er morsmålet til akanfolk og blir tala i Sør-Ghana og i sentrale og austlege delar av Elfenbeinskysten. Rundt 80 % av innbyggjarane i Ghana talar akan, medan 44 % har det som morsmål. Det er dermed det viktigaste lokale språket i Ghana.

Akan blei også spreidd til Amerika gjennom slavehandelen. I land som Surinam og Jamaica finn ein spor etter språket i namn og folkeeventyr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Akan» frå , den 1. januar 2016.

Kategori:Kwaspråk Kategori:Språk i Ghana Kategori:Språk i Elfenbeinskysten Kategori:Tonespråk Kategori:Einskildspråk