Odd-Bjørn Hjelmeset () er ein norsk langrennsløpar. Han vart fødd i Sandane og voks opp på Vereide i Gloppen kommune. Hjelmeset representerer Fjellhug/Vereide IL. Han blir rekna som spesialist i klassisk stil.

Sesongen 1999/2000 kom han på tredjeplass samanlagd i verdscupen, og på andreplass i sprintcupen. Per desember 2005 hadde han vunne fem enkeltrenn i verdscupen (tre i sprint).

I 2007 vart Hjelmeset tildelt Holmenkollmedaljen saman med Frode Estil, Simon Ammann og Dronning Sonja.

Merittar OL-/VM-medaljar VM 2007 - gull på 50 km klassisk fellesstart VM 2005 – gull på 4 x 10 km stafett, bronse på 50 km klassisk fellesstart OL 2002 – bronse på 50 km klassisk VM 2001 – gull på 4 x 10 km stafett, bronse på 15 km klassisk VM 1999 – bronse på 10 km klassisk

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1994: Nr 9 på 50 km i Stor-Elvdal Ski-NM 1995: Nr 11 på 15 km jaktstart i Oslo Ski-NM 1996: Bronsemedalje på 50 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 5 på 10 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 4 både på 15 km på Berkåk og på 50 km i Alta Ski-NM 1999: Nr 5 på 15 km på Skrautvål Ski-NM 2000: Gullmedalje på 30 km Ski-NM 2001: Gullmedalje på 10 km og på 15 km jaktstart, bronsemedalje på 50 km Ski-NM 2002: Gull på 30 km og sølv på 15 km jaktstart på Høydalsmo Ski-NM 2003: Gullmedalje på 10 km i Molde Ski-NM 2004: Gullmedalje på 15 km i Bardufoss Ski-NM 2005: Sølvmedalje på 50 km på Lillehammer Ski-NM 2006: Gullmedalje på 15 km på Kongsberg Ski-NM 2007: Sølv i sprint og bronse på 30 m i Meråker Ski-NM 2008: Nr 12 på femmila (56 km) Støren/Selbu Ski-NM 2009: Nr 4 på 15 km på Gjøvik Ski-NM 2010: Bronsemedalje i sprint Ski-NM 2011: Nr 8 på 15 km i Steinkjer

Bakgrunnsstoff

Odd-Bjørn Hjelmeset i olympedia.org

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske motbakkeløparar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Folk frå Gloppen