Blue Guitars er det 21. studioalbumet til den engelske songaren og låtskrivaren Chris Rea, gjeve ut 14. oktober 2005 på det sjølvstendige plateselskapet hans Jazzee Blue. The Blue Guitars består av elleve CD-plater, ei DVD-plate og ei bok med måleri av artisten, tekstomtale og songtekstar. Det er eit ambisiøst prosjekt om blues med 137 songar spelt inn i løpet av 18 månader - og i følgje Chris Rea sjølv - i 12 timar om dagen, sju dagar i veka. I 2007 vart det gjeve ut ei dobbeltplate med eit utval frå denne samlinga kalla Blue Guitars: A Collection Of Songs.
I starten var prosjektet inspirert av Bill Wyman sitt Blues Odyssey og kan sjølv kallast ein «odyssé», for å syne ei reise gjennom forskjellige epokar i bluesen, frå dei afrikanske røtene til moderne blues frå 1960- og 1970-åra. Det vart halde fleire utstillingar med måleria frå omslaget til albumet, som i oktober 2005 i The Cork Streeet Gallery i Central London i England, og Spazio Oikos i Milano i Italia. Allbumet selde over 150 000 eksemplar i Europa.
Oppsummering Dei elleve separate platene som utgjer Blue Guitars kunne fungert som album på eiga hand, men i lag dannar dei ei reise gjennom dei forskjellige epokane i bluesen, og syner dei forskjellige komponentane som er lagt til frå den opphavlege afrikanske bluesen, endringa i instrumentering, stil, tekstuttrykk og tema. Chris Rea og bandet hans har derfor imitert dei forskjellige stilartane og tekstemna, og skapt ei ny stemning på kvar plate, der dei første få songane vanlegvis set retninga for resten av plata og så utviklar seg i forskjellige stilar innafor kvart felt på kvar plate.
I starten var det planlagt 16 CD-plager, men Rea kom så fram til at denne ideen var for intellektuell og ønskte ikkje at verket skulle verte rekna som eit akademisk verk, men som ei historie. Han skreiv at albumet ikkje var meint å høyrast på ein dag, men ein burde heller ikkje høyre på songar kvar for seg, men som ein trå som skulle følgjast over ein lengre periode.
For kvar plate vart det nytta utstyr som høvde til tida musikken kom frå, og sjølve studioet vart sett opp slik at ein på best mogelege måte fanga lyden av rommet frå denne tida.
Album nummer ein - Beginnings Det første albumet tar for seg den tidlegaste tida i bluesen, og går attende til dei afrikanske røtene. Levevilkåra var harde, mange afrikanarar vart tekne til fange og transporterte over havet og selde som slavar, stundom sviken av sine eigne folk noko som vert synt i songen «The King Who Sold His Own». Alt i alt var det eit miljø der det var naturleg at bluesen utvikla seg. Grunnlaget var alt der: det triste, strevet, byrdene, depresjonen, kjensla av det «blå» og sjølvsagt den underliggande musikalske strukturen.
Innhald:
Album nummer to - Country Blues Country Blues var den naturlege utviklinga den originale bluesen tok då han kom til det sørlege USA: det var ei mørk tid, ei tid med frykt, der folk måtte arbeidde hardt i slaveri og enno hardare då dei vart sleppte fri. Dei drog rundt som arbeidslause og utan mål. Rasisme og Ku Klux Klan gjorde tilhøva verre, og dette vart reflektert i musikken. Instrumenteringa endra eg gradvis og tekstane fortalte soger om frykt («KKK Blues»), vandre rundt utan mål og meining («Walkin' Country Blues»), alkoholisme («Too Much Drinkin'»), men òg flukta frå tilhøva, kanskje med eit anna perspektiv på livet og framtida i storbyane («Ticket for Chicago»). Tema om flytte på seg («Steam Train Blues») og trua på Gud og religion («If You've Got A Friend In Jesus») var tema i songane, og stundom leitinga etter fritid og ei god stund («Dance All Night Long»). Samfunnsproblema og dei personlege problema fann vegen inn i musikken og byrja å endre bluesen på ein inngåande måte.
Innhald:
Album nummer tre - Louisiana & New Orleans Då den originale afrikanske og sørstatsinfluerte bluesen vart ført til Louisiana, New Orleans, Mississippideltaet, vart det lagt til nye instrument som klarinett, messingblåseinstrument, piano, mandolinar, trekkspel, i lag med banjoen, til ein miks som vart kalla New Orleans-, swamp-, cajun eller riverboat-blues. Grunnlaget for retningar som jazz, swing og til og med rock and roll vart lagt på denne tida og ein markant, lett gjenkjenneleg stil vart skapt og som vart tett knytt til blues.
Innhald:
Album nummer fire - Electric Memphis Blues Blues og bluesmusikarar kunne omsider la seg sjølv bil høyrt blant store publikum og tettpakka stader, der dei vanlegvis spelte. Det vart på sett og vis ei enorm endring, sidan bluesen no kunne spelast med subtile notar og fine akkordstrukturar, og bluesen vart enno meir populær. Som Rea syng på opningssongen «Electric Guitar»: «Now I can play above the bar noise, Man I'm bigger than a crowd», som syner kva musikarane måtte ha følt då instrumenta vart elektriske.
Innhald:
Album nummer fem - Texas Blues Ei ny retning som bluesen tok. Denne stilen tok det grunnleggande konseptet og flytta det til den «moderne ville vesten» og ein fekk Texas Blues. Her finst endelause vegar, slitne vegkroer, olje, støv, cowboystøvlar, soger om livet på vegen i Texas. Blandinga av grunnleggjande blues med meir country-aktige instrument (slidegitar, munnspel) gav bluesen ein råare, men likevel lett gjenkjenneleg stil, som har spelt ei stor rolle i musikken sidan då (fram til Stevie Ray Vaughan og ZZ Top).
«I still remember, the place we used to go, dreaming dreams of Texas, as we pushed hard through the snow» - Chris Rea
Innhald:
Album nummer seks - Chicago Blues Igjen var det rørsle som pressa bluesen i ei ny retning, nordover til Chicago på leit etter arbeid og eit nytt liv. Folk fann seg brått i ein heilt ny situasjon og dette påverka raskt bluesen, ein elektrisk stil som vart utvikla tidlegare i Memphis og Texas, men som vart hardare og kvassare. Instrument som saksofonen vart nytta i musikken, som gav stilen ei meir jazzaktig kjensle. Tekstane endra seg til å skildre den nye levestilen, dop, alkohol, sex og kvinner.
Innhald:
Album nummer sju - Blues Ballads Med hjelp av piano og andre nye element, som swing og jazz, oppstod i følgje Chris Rea ein noko «søvnig morfinaktig stil» til det som vart bluesballadar. Dei originale, primitive inspirasjonskjeldene er ikkje lenger mogeleg å kjenne att, og er erstatta av ein rolegare, glattare og meir polert, men likevel gjenkjenneleg bluesstil. Alt som utgjorde bluesen tidlegare er framleis der.
Innhald:
Album nummer åtte - Gospel Soul Blues & Motown Sjølv om den grunnleggjande strukturen or rytmane i bluesen framleis følgjer den originale, tok ein ny generasjon bluesen vidare. Banjostilen spelt på elektrisk gitar vart elektrisk «sitar», ein lyd som trefte ei nerve i hippie-generasjonen. Det er ein mjukare og meir tilgjengeleg hybrid av bluesen.
Innhald:
Album nummer ni - Celtic & Irish Blues Bluesen gjekk i nok ei ny retning då han vart blanda med keltisk og skotsk/irsk musikk. Den generelle kjensla av det triste, tap og det blå, som alt fanst i skotsk, irsk og keltisk musikk, i lag med ein heilt ny instrumentering som gav bluesen ei typisk keltisk kjensle.
Innhald:
Album nummer ti - Latin Blues Latinamerikansk musikk er kanskje ikkje den mest opplagde retninga å kikke etter blues i, men det var likevel sterk påverknad frå den afrikanske kulturen som kom med slavane til Brasil, og som påverka Karibia frå den retninga. Kubansk gitar og piano som er typisk for latinamerikansk musikk vart blanda med til dømes Mississippiblues, og vart til ein bossanova-blues. Bluesen glei òg over i reggae, men trass i denne «solrike kjensle» er emna like triste.
Innhald:
Album nummer elleve - '60s and '70s Ei ny tid, ein ny generasjon, ein ny variant av bluesen. Musikken endra seg igjen og igjen og den 200 år lange blueshistoria vart velta på kort tid, når bluesen brått byrja å høyrast gammal ut igjen, og det vart gjeve respekt til dei gamle stamfedrene i bluesen. Men det var òg Woodstock, Flower Power-rørsla og liknande som tolka bluesen på sin måte og gav han eit nytt andlet.
Innhald:
Dancing Down The Stony Road-DVDen Dette er ein liten ekstra DVD, som syner innspelinga av Stony Road i 2002, etter sjukdommen til Rea og då slutta med det gamle plateselskapet og gjekk i ein ny musikalsk retning. Her er mange intervju med Rea og bandet hans, og mange klipp frå innspelinga.
Medverkande
Medverkande Chris Rea: elektrisk gitar, piano, munnspel, dobro, mandolin, banjo, slidegitar, bass, calimba, balafon, vibrafon, hammondorgel, perkusjon, trommer Robert Ahwai: gitar Sylvin Marc: bass Gerry O'Connor: banjo Ed Hession: trekkspel Martin Ditcham: trommer
Produksjon Produsent: Chris Rea, Andy Wilman Forfattar: Chris Rea Forteljar: Richard Williams Leiande produsent: John Knowles Lydteknikar: Edward McDonald Miksing: Douglas Dreger Redigering: Aiden Farrell, Chris Rodmell Regissør: Robert Payton Produksjonskoordinator: Janina Stamps Kunstnarisk leiar, design: Jon Tricklebank Tekst i omslaget: Mark Edwards Fotograf: Stuart Epps
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blue Guitars» frå , den 4. januar 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Chris Rea's JazzeeBlue label
Kategori:Chris Rea-album Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Countryblues-album Kategori:New Orleans rhythm and blues-album Kategori:Elektrisk blues-album Kategori:Texas blues-album Kategori:Chicagoblues-album Kategori:Soulblues-album Kategori:Engelske bluesalbum